Hopp til innhold

Vil skape stort hoppmiljø i Ålesund

På 60 –og 70-talet yra hoppbakkane i Spjelkavika av liv, men så forsvann snøen. No skal plastbakkar bygge opp att hoppmiljøet.

På 60 – og 70-talet yra hoppbakkane i Spjelkavika av liv, men så forsvann snøen. No skal plastbakkar bygge opp att hoppmiljøet.

I Spjelkavika har det blitt bygt tre hoppbakkar i plast. No håper ein at det skal føre til større rekruttering av barn og unge.

– Det gjekk bra, men eg skjelv veldig i føtene no, seier Sander Bratli (10). Han har akkurat tatt sitt aller første skihopp, i den heilt nye 12 meters bakken i Spjelkavika. I dag var det prøveopning av den minste av til saman tre nye hopp som er bygt her.

Folk frå bygd og by har engasjert seg, og no har dei tru på at plastbakkane skal gjenreise hoppmiljøet. Geir Eide, som har teikna bakkane og er med i skigruppa til Spjelkavik Idrettslag, ser fornøgd opp på det dei har fått til.

– No skal vi få i gang eit hoppmiljø som har lege med broten rygg, seier han.

På Sunnmøre var det eit stort hoppmiljø på 60 og 70 talet. Det var hoppbakkar i kvar ei bygd, og hopparane reiste rundt for å delta i renn. Så forsvann den stabile snøen og miljøet døydde ut. Det blei for langt for skihopparane å heile tida reise dit snøen var.

Markus Bergset og Sander Bratli i hoppbakken i Spjelkavika

Markus Bergset og Sander Bratli i hoppbakken i Spjelkavika. Markus har lang erfaring, medan Sander hoppa for første gang i dag.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Kjekt med hopp i nabolaget

12 år gamle Markus Bergset har heldt på med hopping sidan han var 5 år, men har alltid måtta reist ganske langt for å halde på med det han liker så godt.

– Det er veldig kjekt at det har kome bakkar her. No kan eg berre køyre 10 minutt så er eg i bakken, seier Bergset, som trur at han kjem til å kome hit kvar einaste dag. Også han håper på eit stort hoppmiljø i Ålesund.

Geir Eide

Geir Eide er stolt over kva dugnadsgjengen har fått til.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Klart til våren

Fredag kveld var det nydelege forhold i bakken, men laurdag hadde mykje av snøen smelta bort i mildvêret. Med hjelp av tilkøyrd snø, var det likevel gode forhold i den minste bakken. Dugnadsgjengen har bygd tre bakkar på 12.5 meter, 25 meter og 40 meter. Den største er ikkje heilt ferdig enda, men til våren skal alt stå klart.

– Det var ingen som trudde at dette var mogleg i Ålesund, men vi var ein gjeng entusiastar som ikkje gav opp. Tippemidlar, gode sponsorar og mykje dugnad har gjort dette mogleg, seier Geir Eide.

Sindre Helland

Sindre Helland er ein veteran i hoppsporten. Det var han som fekk ideen om å lage plastbakkar i Spjelkavika.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Trur på rekruttering

Sindre Helland frå Stordal, har drive med hopp heile livet. Dei siste 25 åra har han vore med i 24 av 25 verdensmesterskap for veteranar. Han var den som starta å planlegge hoppbakkane for åtte år sidan og no er han glad for å sjå kva dei har fått til.

– Vi har slite med rekruttering dei siste åra, men her kan unge og gamle komme og hoppe heile året, så dette har vi stor tru på. No skal det skje, seier han.