NRK Meny
Normal

Vil skaffe full oversikt over tvang i psykiatrien

Helse Midt-Noreg vil skaffe seg oversyn over tvang i psykiatrien i heile regionen. Eit oversyn viser at Helse Møre og Romsdal legg pasientane i reimar over lenger tid enn elles i landet.

Ålesund sjukehus eksteriørt

Helse Midt-Noreg skal skaffe seg oversikt over tvangsbruk ved alle helseføretaka i Midt-Noreg.

Foto: Ann Eli Nøsen

I desember avslørte VG omfattande bruk av tvang i psykiatrien over heile landet. Det blei ekstra fokus på Helse Møre og Romsdal. Helse Møre og Romsdal gjennomførte ei eiga undersøking, som også viste at dei ulike avdelingane har forskjellig praksis i måten dei rapporterer tvangsbruk på.

Henrik Sandbu
Foto: Helse Midt-Norge

– Det er svært positivt at media har gått inn i tvangsbruken ved norske sjukehus. Dette er den mest inngripande behandlinga som kan gjerast overfor menneske. No skal vi gå inn i tala som har kome fram. Særleg gjeld dette i Helse Møre og Romsdal. Og dette føretaket har alt sett i gang prosessen blant anna med ei styresak, seier fagdirektør Henrik Sandbu i Helse Midt-Noreg.

Møre og Romsdal er i gang

Gjennomgangen i Møre og Romsdal har handla om både den faktiske praksisen og måten tvang blir rapportert på.

– No ser Helse Møre og Romsdal både på rapporteringspraksisen og på sjølve behandlinga. Dei skal sjå på om behandlinga er i tråd med god pasientbehandling eller ikkje.

Arbeidet som er gjort etter avsløringane har vist at det er stor variasjon både i rapportering og praksis i heile Helse Midt-Noreg. Det er ikkje berre variasjon mellom helseføretaka men også innan kvart einskilt helseføretak.

Dette arbeidet tek vi no vidare med både Nord-Trøndelag, St. Olavs Hospital og Helse Møre og Romsdal. Vi må sjekke at registreringa er i tråd med god registreringspraksis, at vi følgjer lovverket og regelverket som gjeld for registrering. Ut frå dette skal vi sjå korleis praksisen varierer i regionen.

– Svikta på fleire plan

Sandbu fortel at Helse Midt-Noreg alt har hatt møte med dei tre helseføretaka både for å sjå på registreringspraksisen og behandlingspraksisen.

Sandbu meiner det har svikta på fleire plan. Han seier også at helseregionen har eit arbeid framfor seg som må førast på brei front.

– Det har svikta i dei tekniske verktøya for registrering. Men vi ser også at det er kulturforskjellar mellom helseføretaka. Og det er forskjellar i det faglege innhaldet i tenestene. Noko kjem frå bygningsmessige forhold og bemanning og kompetanse i dei forskjellige helseføretaka.

– Tryggleik for personalet

Sandbu er også oppteken av at denne saka også handlar om tryggleiken til personalet når dei skal handtere vanskelege pasientar.

– Dette handlar ikkje berre om pasientane si verdigheit og god behandling. Det handlar også om tryggleiken til behandlarane i ein ofte vanskeleg situasjon, avsluttar Sandbu.