Krav om jord- eller sjøkabel
Bjørn Jacobsen frå SV tok saka opp i Stortinget sin spørjetime i dag, og meiner kraftlinja bør leggast i jord- eller sjøkabel.
Delar av den nye kraftlinja er planlagt nær bustadområde, noko som har ført til sterke reaksjonar.
Fare for brystkreft
Kreftregisteret offentleggjorde nyleg ein studie som viser at faren for å få brystkreft er langt større for kvinner som bur nær høgspentlinjer enn for andre. Dette forsterka den uroen som naboane til den planlagte linja føler.
Få hus vil bli liggande nærare kraftlinja enn 100 meter, men Jacobsen meiner likevel uroen ikkje er overdriven.
Dyrt med kabel
Olje- og energiminister Einar Steensnæs legg ikkje skjul på at det vil vere ei svært dyr løysing å leggje kraftlinja i jord- eller sjøkabel.
I spørjetimen i dag sa Steensnæs at han er kjent med rapporten, men han vil ha meir informasjon.
Meir dokumentasjon
- Forskarar og representantar frå styresmaktene har understreke at det trengst meir forsking og dokumentasjon for å kunne fastslå at denne elektromagnetiske strålinga inneber ein fare for helseskade, svarte Steensnæs.
Stortingsrepresentant Bjørn Jacobsen frå SV meiner at jord- eller sjøkabel er eit realistisk alternativ, og han er glad for at olje- og energiministeren ønskjer meir informasjon.
-Snakk med Høybråten
Stortingsrepresentant Bjørn Jacobsen(SV)
- Og då bør han ta seg ein prat med helseministeren som har bede om å få alle dokument på bordet, seier Jacobsen.
- Eg har inntrykk av at Dagfinn Høybråten tar denne saka veldig alvorleg og så får vi håpe at olje- og energiministeren tar dette innover seg slik at folk i Nesset og langs fjordane i Møre og Romsdal slepp å måtte leve med ein slik frykt, seier Jacobsen.