Vil sjå om PCI og PET er mogleg

Helse Midt-Noreg vil no sette i gang ei utgreiing av bruken av PCI og PET-Scanning og kvar det vil vere naturleg å plassere desse i Møre og Romsdal, det skriv dei i eit brev til Ålesund kommune. Tidlegare har ulike aktørar sett på moglegheita til å skaffe pengar frå private aktørar for å kjøpe inn utstyret ein treng til PCI og PET-Scanning.

PET-scanner
Foto: Fred Tanneau / AFP