Hopp til innhold

Vil sikre at Blindheim barnehage rettar opp i feil etter at Adrian (4) døydde

Kommuneoverlegen i Ålesund vil gjere fleire undersøkingar etter at Adrian (4) døydde i Blindheim barnehage for snart tre år sidan.

Blindheim Barnehage

Ålesund kommune vil kjenne seg trygg på at rutinane som skal førebyggje skadar og ulukker er på plass, og gjennomfører nytt tilsyn ved Blindheim barnehage.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kommuneoverlegen i Ålesund vil gjennomføre eit nytt tilsyn ved Blindheim barnehage for å vere heilt sikker på at barnehagen har retta opp i forhold som forårsaka eller medverka til at 4 år gamle Adrian døydde i juni 2014. No ber ho om meir faktaopplysningar om kva som forårsaka ulukka.

– Når vi no skal ha nytt tilsyn ved Blindheim barnehage ser eg at det må finnast informasjon som kommunen ikkje har. Det er politiet som sit inne med faktaopplysningane om kva som forårsaka ulukka, seier kommunelege Victoria Natvik til NRK.

Det førre tilsynet ved Blindheim barnehage blei gjennomført i mai 2015. Kommunelegen meiner at det under dette tilsynet ikkje kom fram nok faktaopplysningar om sjølve dødsulykka.

– Tilsynet blei gjennomført på eit tidspunkt då det var vanskeleg å grundig inn i saka, seier kommuneoverlegen og viser til at ulukka gjekk hardt inn på både tilsette og pårørande.

Kan ha vore utan tilsyn i 30 minutt

Adrian Gjærde vart funnen livlaus i barnehagen av personalet. Ingen visste kvar han var og då dei fann han stod livet ikkje til å redde. Adrian kan ha vore utan tilsyn i over 30 minutt og vart kvelt av ei snor frå ein ryggsekk.

10 månader etter dødsfallet fekk Blindheim barnehage ei bot på 50 000 kroner for å ikkje ha gode nok rutinar for å hindre ulykker. Barnehagen vedtok førelegget, men erkjente ikkje straffskuld.

Sjekkar om rutinane er på plass

No ber kommuneoverlege Victoria Natvik om informasjon frå politiet for å kartlegge kva som skjedde då Adrian Gjærde døydde. I eit brev til politiet ber ho om etterforskingsrapporten, for å kunne kontrollere kva som har blitt gjort frå barnehagen si side etter dødsfallet.

– Vi samarbeider godt med Blindheim barnehage både under og mellom tilsyna. Men vi treng meir faktakunnskap for å sjå om tilhøva som medverka til ulukka faktisk er retta opp. Det vi først og fremst vil sjå etter er om rutinane som skal førebyggje mot skadar og ulukker er på plass, seier Natvik.

Driftsleiaren i Blindheim barnehage er ikkje kjent med brevet kommuneoverlegen har sendt til politiet og kan difor ikkje kommentere saka, seier ho til NRK.