Hopp til innhold

Vil sette foreldre på skulebenken

Medan borna startar første klasse i Volda kommune, skal foreldra lære korleis dei kan støtte den nye skuleeleven.

Video FORELDRESKULE-180810-MR-084247-SI_MR.mp4

- Det er ikkje berre borna som startar i skulen når dei begynner i første klasse. Det blir ein endring i familielivet, slik at foreldrene og startar i skulen, seier Thomas Nordahl.

Som professor i pedagogikk ved Høgskulen i Hedmark blir han rekna som «foreldreskulens far». Han byrja prosjektet ved Storhammar skule i Hamar for fem år sidan. Fleire skular i landet har kopiert prosjektet sidan, mellom anna i Volda kommune.

– Foreldre er avgjerande for korleis borna utvikler seg og kva dei lærer. Foreldre betyr nesten like mykje som skulen, og då er det veldig smart at foreldra gjer dei rette tinga heime. Det skal dei lære om i foreldreskulen, fortel Nordahl.

Spennande prosjekt

I Volda kommune får alle foreldre med born i første klasse dette tilbodet, noko Sigrid Tønnesen og Stig Helset er svært positive til. Dei er foreldre til Leah Tønnesen Helset, som skal byrje i første klasse ved Øyra skule i Volda i morgon.

- Vi syns foreldre har ei viktig rolle med å følgje opp borna sine når dei går på skulen, seier Tønnesen.

- Dette tilbodet var ikkje der då brørne til Thea byrja i skulen, men det vi har høyrt til no verkar svært spennande, fortel Helset.

Både born og foreldre på skulebenken

FØRSTE SKULEDAG: Leah Tønnesen Helseth gler seg til farging og teikning på Øyra barneskule i Volda. Ho skal byrje i første klasse i morgon, medan foreldra hennar skal gå på skule for å lære kva dei kan gjere for at Leah skal få mest mogleg ut av skulegongen.

Godt tilbod

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen er positiv til tilbodet og seier seg einig i at foreldra er avgjerande for at skulegongen skal bli vellukka.

- Det er eit godt tilbod for foreldra. Deira interesse for borna sin skulegong er veldig viktig, og det er viktig for skulen å samarbeide med alle slags foreldre, seier Halvorsen.

Kunnskapsministeren vil la det bli opp til kvar enkelt skule å avgjere om det er eit tilbod dei ynskjer å gi.

- Eg vil ikkje pålegge alle kommunar å opprette eit slikt tilbod, fordi eg trur veldig på det lokale engasjementet rundt korleis skulen og foreldra kan samarbeide.

Billig og bra

Professor Thomas Nordahl seier vanlege foreldremøter ikkje er nok, og meiner alle skular i landet burde ha eit slikt tilbod.

- Det syns eg absolutt fordi det har så store konsekvensar for familielivet å ha born i skulen. Vi veit at familien er viktige for læringsutbyttet, og i tillegg er det lite kostnadskrevande å drive tilbodet. Difor burde dette bli iverksatt over heile landet.