Hopp til innhold

Vil selje mjølkekvotar

I alt 58 mjølkebønder i Møre og Romsdal ynskjer å selje mjølkekvotane sine til staten, viste den endelege oversikta då fristen for slikt sal gjekk ut 31. mars.
Bøndene har kvotar på til saman 5,5 millionar liter mjølk, men region Møre og Romsdal har berre fått avsett 3,7 millionar liter i salet til staten.
Alle bøndene på ventelista vil få eit endeleg svar på om dei får tilbod om selje mjølkekvote eller ikkje. Det heile blir klart til byrjinga av mai, opplyser Landbruksdirektoratet.

Kyrne på Bodin Gård får kanskje bli
Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL