Hopp til innhold

Vil seie nei til privat flybuss

Samferdselsjefen innstiller på at CC Norway skal få avslag på søknaden om å opprette tilbod om privat flybuss mellom hotella i Molde og Kristiansund og flyplassane.

Eit privat flybusstilbod vil ta ein del av marknaden og på sikt vil flyplassane og passasjerane vere best tent med å halde fast ved det eksisterande buss- og transporttilbodet, heiter det i sakspapira til møte i samferdselsutvalet 26. oktober.