Hopp til innhold

Vil satse på 10-åringar

Sportsleg leiar i AaFK, Arnfinn Ingjerd meiner tida no er moden for ei regelendring slik at aldersgrensa for barnefotball blir justert frå 12 til 10 år.

Arnfinn Ingjerd, AaFK
Foto: Arne Flatin / NRK

Dette bør gjerast for at norsk fotball skal halde følge med utviklinga elles i Europa, seier Ingjerd.

Sportsleg leiar i ÅFK Arnfinn Ingjerd seier dei både vil hente 10 og 11-åringar til klubben i tillegg til å oppsøke dei i lokalmiljøa. Uansett meiner Ingjerd at tida no er moden for å seinke aldersgrensa for barnefotball. Han trur dei vil kunne hente inn dei beste 10-åringane til klubbane på samlingar til dømes ein gong i månaden eller oftare. Det betyr ikkje at klubben vil slutte å stimulere talenta i sine eigne nærmiljø, slik klubben gjer allereie i dag. Mellom anna vert A-spelarane og trenarar frå AaFK stadig vekk sendt til andre klubber på Sunnmøre for å bidra med sin kompetanse.

Regelendringar

Bjørn Oskar Haukeberg
Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

Dersom Sunnmøre fotballkrets skal samarbeide med AaFK på nivået 10-12 år må det endringar til seier Bjørn Oskar Haukeberg som er dagleg leiar i krinsen. Haukeberg fortel om 10-11 åringar frå Sunnmøre som har reist til Molde for å vere med på treningar. Han synest ikkje det er ei god løysing. Timane i bil til og frå trening kunne heller ha vore brukt på treningsfeltet i nærmiljøet, meiner han. Haukeberg trur at forbundsstyret eller forbundstinget må ta stilling til regeleverket dersom det skal ei endring til. Ei endring som AaFK meiner må kome.