Hopp til innhold

Vil satse for fullt på motorsport

Henrik Krogstad (17) frå Langevåg er Norges fremste motorsporttalent. Laurdag vann han konkurransen «Bilsporttalentet 2015», og premiepengane skal sjølvsagt gå til bil.

Henrik Krogstad

17 år gamle Henrik Krogstad frå Langevåg vil satse for fullt på motorsport.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Laurdag fekk 17-åringen den gjeve prisen «årets bilsportstalent», ein tilhøyrande pengepremie på 300.000 kroner og eit oppfølgingsprogram frå Norges Bilsportforbund. Krogstad veit allereie kva han skal bruke pengane på.

– Det kjem nok til å gå til bil ja. 300.000 kroner er mykje pengar, og pengane kjem godt med. Men motorsport er ein dyr sport, så pengane forsvinn fort, seier han.

Motorsport kjem føre skule

Motorsporttalentet frå Langevåg har tidlegare vunne blant anna noregsmeister i gokart og skandinavisk meister i formel 7 i asfaltracing. Krogstad var berre seks år fekk han interesse for gokart og året etter starta han med konkurransar. No vil han satse vidare.

Henrik Krogstad ble vinner av ”Bilsporttalentet 2015”

Laurdag vann Henrik Krogstad «Bilsporttalentet 2015».

Foto: Norges Bilsportforbund

– Planen min no er å prøve meg på rallycross, som er konkurranse innan bilsport som kjørels på tid inne på ei lukka permanent bane med delvis fast dekke.

Krogstad, som for tida kombinerer motorsport med andre året på Borgund vidaregåande skule, er tydeleg på kvar prioriteringa ligg.

– Eg har tenkt å fullføre studiane, men eg har likevel fullt fokus på å satse innanfor motorsport. Motorsport kjem føre skule, seier han.

Må reise langt for å trene

Miljøet for motorsport er relativt lite i Møre og Romsdal, og det krev mykje tid, planlegging og reising for å kunne satse på denne sporten.

– Ein må finne ut av det meste sjølv, og miljøet er relativt like samanlikna med på Austlandet. Denne sesongen måtte eg for eksempel reise heilt til Våler for å kunne trene på bane. Det er om lag seks timar kvar veg, så det er klart det tek tid, seier Krogstad.

17-åringen håpar at overgangen til rallycross vil gjere det lettare å finne gode treningsområde.

– Eg har ei lita grusbane eg kan trene rallycross på, og så kan ein alltid bruke helgene til å reise vekk for å trene, seier han.

– Kva er det som gjer deg så god?

– Ein klok mann sa ein gong at eg har noko som heiter «racemind». Det betyr at når eg køyrer så legg eg ein plan, og klarer å halde hovudet kaldt og roleg gjennom heile løpet, seier Krogstad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL