Hopp til innhold

Har du sett desse? No kan dei bli fjerna

Kartverket har over 40.000 signalstolpar på toppar over heile Noreg, som for lengst har gjort jobben sin. No får frivillige betalt for å ta dei ned.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

På 50. og 60.-talet sette Kartverket opp såkalla «trigpunkt», eller trigonometriske signal, i den norske naturen. Desse er oftast markert med eit tresignal ein kunne sjå frå fly og korte avstandar. Dette gjorde det lettare å måle avstandar og terreng for å lage kart.

Så kom GPS-teknologien, og stolpane har for lengst gjort nytta si. Likevel står det framleis over 40.000 slike og utgjer ein fare for dyreliv.

Blåfjell, Sula på Sunnmøre

Blåfjell i Sula på Sunnmøre

Foto: Terje Reite / NRK
Den omvendte båt, Kristiansand

«Den omvendte båt» i Kristiansand.

Foto: Hans Erik Veiby / NRK
Fagerfjellet på Senja

Fagerfjellet på Senja

Foto: Linda Pedersen / NRK
Sukkertoppen i Ålesund.

Sukkertoppen i Ålesund

Foto: Charlotte Ervik / NRK
Øyliheia i Kristiansand

Øyliheia i Kristiansand.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

Det meiner Lars Røv, ein friluftsglad pensjonist i Surnadal på Nordmøre. Han har sjølv funne tre dyr som har vikla seg inn i vaierar på slike oppmålingsmerke dei siste 20 åra. Berre i si eiga kommune.

– På fjellet Bollen fann eg ein død sau som hadde gått seg inn i, og vaieren hadde gått rundt dyret. Der har den lege og kava til det blei verre og verre, seier Røv.

Lars Røv

Lars Røv (66) går ofte turar i fjellområdet Trollheimen. Dei gamle konstruksjonane har irritert han i mange år, før han bestemte seg for å ta grep sjølv.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Han trur det sannsynlegvis har gått med dyr på denne måten i alle kommunar. Han har også funne eit dødt reinsdyr.

– Det må ha vore ein skjebne. Dette er langpining og dyretragediar som kunne vore unngått.

Fekk engasjert politikarane

Naturentusiasten tenkte lenge at han måtte gjere noko med problemet, før han i januar bestemte seg for å kontakte den lokale Stortingsrepresentanten frå bygda, Jenny Klinge, i januar.

Då gjekk det fort. Klinge sende eit representantspørsmål til kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup, som tok kontakt med Kartverket. Alle var samde i at noko måtte gjerast.

Fjerning av oppmålingsmerke. Jenny Klinge (Senterpartiet) til venstre.

Jenny Klinge (Sp) og Silje Beate Holten (Surnadal idrettslag) undersøker eit 56 år gammalt signal.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Vil bruke idrettslag til å rydde

Eit prøveprosjekt er allereie i gang, eit halvt år etter at Røv tok initiativ. No skal idrettslag i ti testkommunar hjelpe til med å rydde opp, mot betaling.

– No i første omgang skal vi få til ei kartlegging for å sjå korleis det ser ut der ute. Då vil vi både få med oss dei signala som er fine og som skal stå, men også dei vi må gjere noko med, seier Sigrid Løyning, prosjektleiar i Kartverket.

Oppmålingsmerke som har falt.

Dette fastmerket frå Slettfjellet i Surnadal har gått sund.

Fastmerke som har gått i stykker på Ytre Nordvikssul i Surnadal

Her er det restar av eit merke på Ytre Nordvikssul.

Fastmerke rundt om i Noreg.

Det finst over 40.000 slike fastmerke som er sett opp. Kartverket har nøyaktige koordinatar til alle.

Det er nemleg ikkje nødvendigvis alt som skal ned. Oppmålingsmerka, eller signala, kjem i ulike former, og nokre er også forslått freda. Arbeidet kjem til å ta mange år.

– I idrettslaget vårt er det veldig god stemning for å bidra. Det er eit engasjement for å få ordna opp, og dei ser dei utfordringane som er med signala, seier Silje Beate Holten, leiar i Surnadal idrettslag.

Stolt over gjennomslag

Om lag eit halvt år tok det frå eit ønske blei til ein plan. Lars Røv hugsar sjølv som gutunge at folk innstalerte trigpunkt og fór med fly. No gler han seg over at det skal bli i rydda i fjellet.

– Eg blei kjempeoverraska og er nesten litt stolt over meg sjølv. Eg drøymde ikkje i det heile tatt at det skulle gå så fort, seier Røv.

Lars Røv i Surnadal (Bilde tatt i Vindøldalen)

Lars Røv er særs glad for at førespurnaden hans blei til handling så fort. No håpar han at jobben blir ordentleg gjort.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

66-åringen har alltid med seg ein pose når han går i fjellet, i tilfelle han finn litt søppel å ta med seg. Han oppmuntrar andre til å tore å nå fram med sine idear, anten det gjeld miljø eller anna.

– Alle pratar om naturvern, men ein kan starte med så enkelt som ein sjølv. Viss kvar enkelt innbyggar gjer ein liten ting, så har vi kome langt, meiner han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL