Hopp til innhold

Vil reinse fugl - får nei

Runde Miljøsenter vil reinse oljeskadd fugl frå heile landet. Men politikarane vil ikkje løyve pengar.

Sjøfugl tilgrisa av olje
Foto: Åsmund Isaksen / SCANPIX

Oljeutsleppa etter grunnstøytinga utanfor Langesund fredag kan bli ein stor katastrofe for fuglelivet i området. Runde Miljøsenter kunne ha gitt effektiv hjelp, men politikarane har førebels sagt nei til å støtte tiltaket økonomisk. Nils Roar Hareide ved Runde Miljøsenter syns det er uforståeleg.

- Vi kunne garantert redda ein del fugl. Det er ein skandale at styresmaktene ikkje har oppretta beredskapsplanar for fuglane ved oljeutslepp, seier Hareide.

Ingen sentrale reglar

Hareide meiner det er eit stort problem at det ikkje fins sentrale retningsliner for kva som skal skje på fuglar som badar i olje etter utslepp.

- Vi har skrive til alle involverte departement og direktorat, men dei svarar oss at det ikkje er bestemt om det skal opprettast eit slikt nasjonalt senter for sjøfugl. I tillegg får vi vite at dette vil ta tid å avgjere, seier Hareide.

- Glimrande

Hareide får støtte frå marinbiolog Nina Jensen i WWF. Ho meiner Runde Miljøsenter har tatt eit initiativ som styresmaktene burde støtte.

- Vi syns dette er glimrande. WWF har i ei årrekkje kravd at det skal etablerast eit nasjonalt regelverk for handtering av sjøfugl. Det er framleis ikkje på plass, og det er svært beklageleg. Når fuglane først badar i olje, er det for seint, seier Jensen. Ho er ikkje glad for at styresmaktene nølar:

- Dei er vel redde for at dette skal bli dyrt, men vi må ikkje gløyme at vår nasjon har bygd all sin velferd på olje. Då bør vi også ha pengar nok til å rydde opp i sølet, seier ho.

Optimist

Nils Roar Hareide ved Runde Miljøsenter er sikker på at styresmaktene etterkvart vil få på plass eit nasjonalt senter, og trur gjerne det blir liggjande på Runde:

- Ja, vi trur det. Eit slikt senter kjem uansett, det er ikkje råd å ha totalt kaos kvar gong det blir sleppt ut olje, seier Hareide.