Vil redusere sengeplassar i Aure

Talet på døgnplassar ved rehabiliteringssenteret i Aure bør reduserast frå 18 til 8 senger, foreslår administrerande direktør i Helseføretaket, Øyvind Bakke. Endringa bør gjennomførast før 1. mars, heiter i dokumenta til styremøtet 9. desember. Blir forslaget vedteke, skal ingen ved Aure rehabiliteringssenter miste jobben, men få tilbod om å arbeide andre stader i Helseføretaket, heiter det i forslaget.

Aure rehabilitering bassenget
Foto: Terje Reite / NRK