– Vi kjem til å sende eit skriftleg spørsmål til olje- og energiministeren, der vi utfordrar han på dette, seier stortingsrepresentant Steinar Reiten (KrF).
I januar blei det klart at regjeringa har tildelt 75 utvinningsløyver til oljeselskapa, deriblant blokker utanfor Mørefeltet, som ligg ti kilometer utanfor øyane Smøla, Frøya og Hitra. Dette er det viktigaste gyteområda for fleire fiskeslag. KrF vil no ha ei ny politisk runde på dette.
– Eg er svært kritisk og fryktar at det kan få store konsekvensar for fiskeri- og havbruksnæringa i området, seier Reiten (KrF).
KrF har programfesta motstand
Området på Mørekysten er kjend for stor verdiskaping innanfor havbruk. Stortingsrepresentanten er bekymra for oppdrettsnæringa i området.
– Det er snakk om små avstandar og næringa vil få dette rett utanfor stovedøra.
KrF har programfesta at dei er imot oljeleiting i området. Reiten reagerer på at regjeringa opna opp for oljeverksemd berre to dagar etter at Jeløya-plattforma slo fast at Mørefelta like ved skulle vere freda. I plattforma bestemte regjeringa at Lofoten, Vesterålen og Senja ikkje skal greiast ut i den noverande stortingsperioden, som går frå 2017 til 2021.
– Vi har også merka oss at Miljødirektoratet rår mot oljeaktivitet i desse blokkene i si høyringsrunde, seier han.
Redd folk ikkje forstår konsekvensane
Nils Roar Hareide er dagleg leiar av Runde Miljøsenter på Sunnmøre. Han er redd mange ikkje forstår kor viktig dei millionane av tonn med egg som gytande fisk legg frå seg på havbotnen er for livet i havet.
– Dette er grunnleggande for økosystemet i havet. Brukar du eitt område, så påverkar det alle dei andre områda. Dersom fisken ikkje har gytefelta sine i orden, så blir det ingen fisk, seier han.
Når fisken kvart år kjem til Mørefelta er det for å sikre framtidige gytebestandar. Og det er nettopp i dette området, på to blokker ti kilometer utanfor Smøla på Nordmøre, at regjeringa har gitt løyve til utvinning av olje.
– Ein bestand på millionar av tonn med sild er svært viktig for både fisk i havet, og fugl og folk på land, seier Hareide.