Vil prioritere bypakke

Fleirtalet i kommunestyret i Ålesund vil prioritere bypakke og byvekstavtale som sine toppsaker i Nasjonal transportplan. Anders Lindbeck frå SV seier det er avgjerande å få gjennomslag for dette, og fattar nytt håp med ny samferdselsminister. Håkon Lykkebø Strand frå Frp seier dette er heilt uaktuelt fordi det betyr at det blir innført bompengar, og vil i staden at E136 frå Ålesund til Innlandet blir bygd av selskapet Nye Veier.