Hopp til innhold

Vil overraske med fenalår

«MFK»-tante vil overraske nevøen som kjem til Molde med sommarbåten fredag.

NRK sin sommarbåt kjem til Molde i morgon. Kokka til fotballaget har ikkje berre laga mat til MFK-spelarane i dag. Ho er i gang med eit heilt spesielt måltid.

NRK sin sommarbåt kjem til Molde i morgon. Kokka til fotballaget har ikkje berre laga mat til MFK-spelarane i dag. Ho er i gang med eit heilt spesielt måltid.

Det er ein heilt vanleg torsdag på Aker Stadion. Torbjørg Haugen «Tante» lagar til dagens lunsj. Men denne torsdagen har «tante» endå ein spesiell ung mann i tankane, som no er på veg til Molde, sjøvegen.

Torbjørg Haugen

FENALÅR: «Tante» vil lage fenalår til nevøen som fredag kjem til Molde med sommarbåten.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det er ein eg er ordentleg tante til som kjem inn med sommarbåten. Eg veit at han er svært glad i steikt fenalår, så eg tenkte han skulle få det når han kom på besøk hit til Molde, seier «tante»

På TV

Fenalåret har ho for lengst skaffa frå Nordmøre, til ein nevø ho har eit heilt spesielt forhold til.

– Han har eg eit veldig nært forhold til. Han er nesten som ein son, fortel «tante».

– I går då eg sat meg ned for å sjå på sommaropent, fekk eg plutseleg sjå eit glimt av han. Dei viste at han tok på seg kamerautstyret og at han gjekk ut for å filme.

Ikkje åleine

Per Lianes og "Tante" i Molde

VELKOMMEN: Per Lianes vil samle både MFK tilsette og andre til å ønskje sommarbåten velkommen til Molde.

Foto: Roar Strøm / NRK

Tante blir ikkje åleine om å ta imot Sjøkurs når skipet siglar inn Romsdalsfjorden i morgon. Pressesjef i Molde Fotballklubb, Per Lianes, fortel at klubben vil ha med seg både små og store til å helse velkommen til dei blåkvites heimhamn.

– Eg håpar vi får samla flest mogleg, og oppfordrar folk til å møte opp her klokka to. Det gjeld våre eigne tilsette, tornekrattet og andre Molde-supporterar.

– Eg må nesten sende nevøen min ei melding slik at han veit at eg er her. Då kan vi vinke til kvarandre, seier «tante».