NRK Meny
Normal

Vil oppgradere byen for 60 millioner kroner

Ordføraren i Rauma vil bruke 60 millionar kroner på å gjere Åndalsnes finare.

ÅNDALSNES

Åndalsnes blei bygt opp att etter øydeleggingane under byrjinga av andre verdskrigen. No er tida inne for at byen blir oppgradert, ifølgje konsulentane som har studert framtidsmoglegheitene for Åndalsnes.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Åndalsnes ligg under vakre fjell, er ein ynda turiststad og er eit trafikknutepunkt med togstasjon. Etter at tettstaden blei bomba i byrjinga av andre verdskrigen, blei Åndalsnes bygd opp att som ein typisk vestlandsk fjord-tettstad. Med endestasjonen på Raumabanen vaks tettstaden i etterkrigstida, og i 1996 fekk Åndalsnes bystatus.

No er tida inne for å ta Åndalsnes eitt steg vidare, meiner ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad. Han seier at investeringane er avgjerande for utviklinga av Rauma.

Lars Olav Hustad

Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad.

Foto: Trond Vestre / NRK
Marvin Wiseth

Marvin Wiseth under Raumakonferansen denne veka.

Foto: Trond Vestre / NRK

All forsking tilseier at dette er heilt naudsynt. Alle kompetansemiljø peikar på at Åndalsnes som by må oppgraderast, seier ordførar Lars Olav Hustad til NRK.

Rauma kommune har engasjert konsulent Marvin Wiseth for å sjå på kva som kan gjerast for å utvikle Åndalsnes by. Wiseth er kjend som tidlegare, nærmast legendarisk ordførar i Trondheim.

Åndalsnes er ein fantastisk plass. Byen har kanskje nokon av dei største moglegheitene i Noreg. Det er over 800.000 menneske som er i «fri flyt» gjennom kommunen. Men det er nesten ingen som stoppar her, seier Marvin Wiseth.

– Kvifor stoppar dei ikkje?

– Folk får ikkje nokon stoppordre her. Folk ser kanskje ikkje vitsen med å stoppe her, seier Wiseth.

Trafikken i Rauma går i hovudsak gjennom Romsdalen, og følger enten ruta langs E136 til og frå Ålesundsområdet, eller via Isfjorden til og frå Molde-området. Dei store folkemengdene som strøymer forbi treng stort sett ikkje å svinge nedom sjølve byen Åndalsnes.

Sjølv om kommunen har store turistmagnetar som Trollveggen, Trollstigen, elva Rauma og store, spennande fjellområde, kan byen Åndalsnes bli ståande på staden kvil om ikkje noko blir gjort. Ifølgje konsulentrapporten er det for mange som køyrer forbi og for få som stoppar.

Ein må bli meir orientert mot at det skal leggjast att verdiskaping. Kvar turist legg att berre 112,- kroner. Det er ikkje meir enn det folk bruker på aviser på ein laurdag. Det er for dårleg, seier Marvin Wiseth.

Åndalsnes tog

Åndalsnes er trafikknutepunkt og endestasjon på Raumabanen.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Dersom pengane skal trille inn til forretningsstanden på Åndalsnes, må dei gjere seg lekre og innbydande. Dei må satse på eit dynamisk og sterkt kommunesentrum. Slik er rådet frå Wiseth og konsulentane som kommunen har brukt.

Over ein periode på fire år vil ordføraren at kommunen skal bruke 60 millionar kroner på å oppgradere Åndalsnes.

Det blir utfordring for å få alle i kommunen til å tenkje i denne retninga. Vi har mange gode, levande bygder som kan føle at dei blir oversett. Det skulle berre mangle. Eg håper vi skal klare å bli samde om dette. Men det blir heilt sikkert ein kamp, seier ordførar Lars Olav Hustad.