Hopp til innhold

Vil også auke inntektene

Helse Møre og Romsdal vil ikkje berre kutte kostnader for å kome i økonomisk balanse, men også å auke inntektene.

Dette skal først og fremst skje ved å auke effektiviteten på operasjonsstovene i føretaket.

Noko av grunnlaget er at sjukehusa får fleire spesialsjukepleiarar innan anestesi og og operasjon frå januar 2020, og at arbeidsflyten på operasjonsstovene skal bli betre.

Deler av inntektene til sjukehusa blir rekna i poeng knytt til behandling av bestemte diagnosar. Sjukehusa i Møre og Romsdal har funne tiltak ved operasjonsstovene som gjev 1200 fleire diagnoserelaterte poeng, og arbeider med tiltak som skal ytterlegare 300.

Ålesund sykehus innkjøring
Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK