Hopp til innhold

Vil lyse opp på Oslo S

Kristine Roald Sandøy frå Vigra har jobba på spreng sidan november med eit gigantisk kunstprosjekt som no prydar utsida av Oslo S.

Kristine Roald Sandøy

Kristine Roald Sandøy framføre kunstverket hennar på Oslo S medan dei siste delane vart monterte på plass.

Foto: Vibeke Christensen

Dei siste delane av dei 25 meter lange og åtte meter høge kunstverket vart montert fredag ettermiddag og vil pryde fasaden av Oslo sentralbanestasjon fram til 30. april.

– Kvar dag vil det vere om lag 200 000 menneske som går forbi kunstverket. Det er unik moglegheit for meg, seier kunstnaren entusiastisk på telefon frå hennar eigen premierefest i Oslo fredag kveld.

– Veldig stolt

Sandøy kan fortelje om ein svært hektisk periode fram mot opninga av kunstverket.

– Det har vore veldig spennande og ein intens periode. Eg fekk ikkje vite om dette før i november, så eg har jobba på spreng i heile desember for å få alt på plass, seier ho.

Alle avgjersler om utforming og praktiske detaljar måtte bli tekne veldig raskt skulle ho rekkje å bli ferdig i tide. Like fullt er ho stolt over det som ho no viser fram.

– Eg er kjempefornøgd og veldig stolt med resultatet, seier 31-åringen frå Vigra.

Ulike lag

Kunstverket syner fram ein fotocollage med musikkinstrument og nokre balansekunstnarar inspirert av sirkus i det førre hundreår, samt nokre skulpturar som kan minne om høgtalaren til ein gammaldags grammofon.

Sandøy håper folk får ulike tankar og assosiasjonar når dei passerer "Balanseklang."

– Det har veldig mange lag. Kanskje dei som ser balansekunstnarane vil tenkje på det å prøve å finne ein balanse i livet. Samstundes har skulpturane kan likne på alt frå eit skjel til ein hatt, så kanskje folk som går forbi kvar dag vil tenkje litt annleis om det dei ser frå gong til gong, seier ho.

Artikkelen held fram under bildet.

Balanseklang

På jernbarnetorget i Oslo kan du få med deg kunstverket 'Balanseklang' til slutten av april 2014.

Foto: Vibeke Christensen

Vil lyse opp kvardagen

Dei tredimensjonale skulpturane vil bli lyssett på kveldstid, og Sandøy håper dette vil gje ein ekstra dimensjon til verket.

– Oslo S er eit tungt område å ferdast i, så eg håper det lyser opp litt – ja, lyser opp kvardagen!

Ei stund etter at kunstverket var ferdig montert tok Sandøy seg tida til å observere korleis folk reagerte på kunsten hennar.

– Eg stod der litt i dag då eg var ferdig i halv-tretida. Allereie då var det mange som stoppa og kika opp. Somme tok til og med bilde. Det er sjølvsagt mange som traskar forbi og ikkje bryr seg, men så er det ein og anna som stoppar opp, fortel ho.

Blir scenograf i Ålesund

No har ho berre to dagar att på seg til å observere reaksjonane på jernbarnetorget, for over helga flyttar ho tilbake til Sunnmøre etter åtte år i hovudstaden.

– På måndag begynnar eg som scenograf i Teatret Vårt og skal jobbe med barneteater i Ålesund. Stykket skal dreie seg om demokrati i samband med grunnlovsjubileet. Det blir spennande det også!