Hopp til innhold

Sterke reaksjonar mot nytt sentraliseringsvedtak: – Vil gi auka risiko for gravide

Helse Møre og Romsdal ønskjer å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund og sende dei fødande til Molde. Nordmøringane er i harnisk over det dei meiner er endå eit urettvist sentraliseringstiltak.

Molde sykehus

MOLDE: Om administrasjonen i Helse Møre og Romsdal får det som dei vil blir fødetilbodet for Nordmøre og Romsdal samla i Molde.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ingrid Rangønes

Ordførar i Averøy kommune, Ingrid Rangønes (Ap).

Foto: Trond Vestre / NRK

– Dette er eit klart brot på lovnaden som Stortinget har gitt om at ingen fødetilbod skal leggjast ned før eit nytt er på plass. Eg ser ikkje denne samanslåinga som eit nytt tilbod, seier ordførar Ingrid Rangønes (Ap) i Averøy.

For fødande i Averøy kan det no bli aktuelt med følgjeteneste til sjukehuset i Molde. Det betyr at ei jordmor er med på transporten til sjukehuset i Molde. Bakgrunnen er lenger reiseveg enn det er til sjukehuset i Kristiansund.

Roger Osen

Roger Osen, ordførar i Smøla (Ap).

Foto: Trond Vestre / NRK

– Lenger reiseveg betyr auka risiko for den gravide. Dette er ikkje noko godt alternativ til folk på Averøya, seier Rangønes.

Og ho er ikkje åleine om å reagere.

– Vi er ekstremt skuffa. Dei sparer 13 millionar kroner av eit totalbudsjett på seks milliardar kroner. Dette gjer det utfordrande for dei fødande på Ytre Nordmøre, seier Smøla-ordførar Roger Osen (Ap).

Det tek om lag tre timar å kome seg frå Smøla til Molde.

– Faglege grunnar

Det var måndag føremiddag Helse Møre og Romsdal sende ut pressemelding om at administrasjonen ønskjer å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund.

Helseføretaket manglar pengar.

Men administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, understrekar at det er faglege og kvalitative grunnar til at fødetilbodet blir samla.

Espen Remme

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Vi er trygge på at vi ved å samle fødeavdelingane vil auke kvaliteten på tilbodet og styrke pasienttryggleiken. Fødande som får lengre reiseveg til sjukehus skal også sikrast ei god oppfølging og løysingar som gjer at tryggleiken blir varetatt, seier Remme i ei pressemelding.

– Fagmiljøa støttar samanslåing

I pressemeldinga står det vidare at fødeavdelingane i Kristiansund og Molde i mange år har lide av utfordringar med rekruttering og stabilitet i lege- og jordmorgruppa.

Kristiansund Sjukehus

Om administrasjonen i Helse Møre og Romsdal får det som dei vil blir fødetilbodet i Kristiansund lagt ned.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Ved å opprette ei samla fødeavdeling sikrar vi god og varig kontroll over den samla risikoen i fødetilbodet. Det blir mellom anna lettare å behalde og rekruttere jordmødrer og legespesialistar i framtida, seier Remme.

Han viser til at fagmiljøa ved dei to sjukehusa i hovudsak har støtta ei samanslåing lenge.

I pressemeldinga er Henrik Erdal, klinikksjef for kvinner, barn og ungdom, sitert på at ei heilskapleg medisinfagleg vurdering viser at fødetilbodet bør vere ved sjukehuset i Molde.

– Katastrofalt forslag

Saka skal opp i styret i Helse Møre og Romsdal 27. mars.

Kjell Neergaard

Kjell Neergaard, ordførar i Kristiansund.

Foto: Roar Halten / NRK

– Vi får sjå kva styret gjer neste veke, men for oss er dette eit katastrofalt dårleg forslag. Endå ein gong opplever vi at tilbod på Nordmøre svekkast til fordel for sentrale delar av fylket. Dette er svært dramatisk, seier Kristiansund-ordførar Kjell Neergaard (Ap).

Og legg til:

– Det er uakseptabelt at fødande kvinner på Nordre Nordmøre skal utsetjast for meir utryggleik og større risiko.

Fødeavdelinga i Kristiansund blir eventuelt ikkje den første som blir lagt ned i Norge dei siste åra. Mellom anna har det blitt lagt ned fødeavdelingar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Nordland.

Espen Remme blir intervjua av Tore Ellingseter.