Hopp til innhold

83 sjukeheimsplassar kan bli lagt ned - fryktar at pårørande slit seg ut

Ålesund kommune må legge ned institusjonsplassar for å spare pengar. Eldreombodet trur det er pårørande som får belastninga.

Liv Haddal Dyb

Liv Haddal Dyb kom nyleg heim frå korttidsopphald på sjukeheim etter eit uhell på glatta. Ho er kritisk til at kommunen må kutte i tilbodet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Kva skal ein seie til slikt. Gale-Matias?, seier Liv Haddal Dyb. Ho tar i bruk kraftuttrykket for å vise både sinne og fortviling.

Ålesund kommune er i ei økonomisk knipe og må spare 70 millionar kroner innan helsesektoren.

For å få til det foreslår rådmannen å kutte 83 av dei 500 sjukeheimsplassane eller legge ned ein heil institusjon.

Liv Haddal Dyb

Liv Haddal Dyb fryktar at pårørande kjem til å slite seg ut dersom det blir færre institusjonsplassar i kommunen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Demente blei sendt heim

Dyb kom nyleg heim frå eit korttidsopphald på sjukeheimen etter fleire brot i bekkenet. På sjukeheimen fekk ho hjelp til å trene seg opp att slik at ho kunne klare seg heime. Under opphaldet trefte ho demente pasientar som blei sendt heim samstundes som henne sjølv. Ho opplevde at dei ikkje ante kor dei var.

– Det er greitt at vi har heimesjukepleia som gjer ein kjempeinnsats, men dei er jo ikkje der heile tida, seier Dyb. Ho fryktar at med færre sjukeheimsplassar, blir pårørande så slitne at dei sjølve endar som pasientar.

NRK har vore i kontakt med fleire pårørande som er bekymra for konsekvensane av sjukeheimskutt.

Full jobb og pårørande

Eldreombud Bente Lund Jacobsen

Eldreombod Bente Lund Jacobsen er redd for at belastninga på pårørande blir stor dersom institusjonsplassar forsvinn. Ålesund er ikkje einaste kommunen i landet med kuttforslag.

Foto: SOLVEIG NYHUS AKSNES / NRK

Det er ikkje berre i Ålesund det er planar om å legge ned institusjonsplassar, ifylgje Eldreombod Bente Lund Jacobsen. I nabokommunen Hareid er det også foreslått kutt, og i Nordre Follo blei 20 sjukeheimsplassar nedlagt. Eldreombodet viser også til kutt i Innlandet, Rogaland og Agder.

– Det forundrar meg med tanke på at vi har ein stor, veksande eldregenerasjon. Eg trur vi kjem til å ha bruk for plassane, seier Jacobsen. Ho fryktar at pårørande, som gjerne er i full jobb, får ei stor belastning med å ta vare på heimebuande eldre.

– Samfunnet er ikkje laga slik at kommunen sine oppgåver kan bli overtatt av dei pårørande, seier Jacobsen.

LES OGSÅ:

Ligg heime og ventar

Leif Hovde

Leif Hovde i Eldrerådet åtvarar politikarane om å gjennomfører kuttforslaga.

Foto: Trond Vestre / NRK

Eldrerådet i Ålesund åtvarar sterkt mot å gjennomføre dei føreslåtte kutta.

Leiar Leif Arne Hovde meiner det er ein illusjon at heimesjukepleia skal klare å gi nok hjelp.

– Å miste 83 institusjonsplassar er dramatisk fordi det er kamp om plassane. Mange ligg heime og ventar på å få plass, seier Hovde. Han forstår ikkje korleis det skal gå i private heimar der pleiebehova er så store at pårørande ikkje maktar det.

Har høge utgifter på sjukeheim

Etter at fem kommunar slo seg saman har Ålesund kommune hatt store økonomiske problem. Storkommunen må også kutte 190 årsverk i skulen. Rådmann Astrid Eidsvik skriv i saksutgreiinga at kommunen brukar meir pengar enn andre samanliknbare kommunar på pleie og omsorg. Dei har også fleire institusjonsplassar.

– Vi er i ein alvorleg økonomisk situasjon, seier Eidsvik. Ho forstår dei sterke reaksjonane på kuttforslaga, men seier at det finst ingen anna måte å spare pengar på enn å gjere ei omstrukturering.

Haram omsorgssenter i Brattvåg med hjarte i vindauga

Ved Haram omsorgssenter kan det forsvinne 25 sjukeheimsplassar. I protest mot dette er det hengt opp hjarte i vindauga. Ved tre andre sjukeheimar er det også foreslått kutt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kallar det slaktekniv

I det store murhuset på Grytestranda har Liv Haddal Dyb rigga seg til med strikketyet i godstolen. Ho ser fram til at ho skal ut på trimtur igjen. Enn så lenge er ho avhengig av rullator.

Ho slit med å forstå kvifor storkommunen skal spare pengar på eldreomsorg og meiner pengane finst.

– Dette er ikkje ostehøvelkutt. Dette er slaktekniv, seier Dyb med gråten i halsen.

Liv Haddal Dyb

Liv Haddal Dyb er avhengig av rullator, men er glad for at ho no klarer seg heime sjølv.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK