Hopp til innhold

Vil legge ned 10 lensmannskontor

Politimeister Ingar Bøen har bestemt seg. Han vil redusere talet på lensmannskontor i Møre og Romsdal frå 26 til 16.

Ingar Bøen

Politimeister i Møre og Romsdal politidistrikt, Ingar Bøen, foreslår å legge ned 10 lensmannskontor i fylket.

Foto: Politiet

Nordmøre og Romsdal politidistrikt og Sunnmøre politidistrikt har allereie vorte til Møre og Romsdal politidistrikt. No skal også fleire av lensmannskontora verte slått saman.

Fleire kommunar utan lensmannskontor

Som ein del av nærpolitireforma leverte Ingar Bøen torsdag ettermiddag si endelege innstilling til kor mange lensmannskontor han vil kutte i Møre og Romsdal.

Desse kontora kan dermed forsvinne i Møre og Romsdal: Stranda og Norddal, Sula, Giske, Ørskog, Midsund, Averøy, Gjemnes og Eide, Halsa, Nesset og Smøla.

– Dei lensmannskontora som no vert borte og slått saman med større einingar, hadde i utgangspunktet svært lav bemanning og hadde ingenting å seie for beredskapen, seier politimeister Ingar Bøen i ei pressemelding klokka 12.00 torsdag.

Motstand frå ordførarane

Etter at Stortinget gav politiet i oppdrag å gjennomgå den lokale organiseringa, leverte ei arbeidsgruppe i politiet i oktober si tilråding om politistrukturen i Møre og Romsdal. Der vart det understreka at nye måtar å arbeide på vil vege opp for dei lokale ulempene ved samanslåing av lensmannskontora.

Sidan har tilrådinga vore gjennom fleire drøftingar i politiet, og også ordførarane i fylket har fått høve til å kome med innspel. Der møtte planane motstand.

– Vi har høyrt på kva kommunane har sagt. Politiet trur det er meir optimalt med 12 lensmannskontor, men vi har teke omsyn til krav og behov som kommunane har, seier Ingar Bøen til NRK.

Milly Bente Nørsett, ordfører i Tingvoll

Ordførar Milly Bente Nørsett (Ap) jublar for at politimeisteren vil behalde lensmannskontoret i Tingvoll.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ein av kommunane som har vorte høyrt, er Tingvoll kommune. Lensmannskontoret der stod i fare for å verte samanslått med Sunndal, men no får det bestå dersom politimeisteren får det slik han vil.

– Dette er ein siger for oss. Det å ha eit lensmannskontor har stor samfunnsnytte og eg trur nærleik til politiet er alfa omega, seier tingvollordførar Milly Bente Nørsett (Ap).

Slik ser strukturen ut i dag:

Slik ser lensmannskontorene ut per sept 2016.
Foto: Politiet

Politidirektoratet neste

Dersom Politidirektoratet vel å fylgje tilrådinga frå Bøen, vil det framleis vere politistasjonar i dei tre største byane og lensmannskontor i Aure, Tingvoll, Surnadal, Sunndal, Fræna, Vestnes, Rauma, Haram, Sykkylven, Herøy og Sande, Ulstein og Hareid, Vanylven og Ørsta.

Politidirektoratet kjem med si endelege innstilling om kor mange lensmannskontor som skal leggast ned 15. januar neste år.