Det er parlamentarisk leiar i Frp, Harald Tom Nesvik, som kom med nyheita då han var på besøk i Tingvoll måndag.
Effektiviseringstiltak
Regjeringa sitt arbeid med kemnerreforma har hatt som mål å effektivisere drifta ved Skatteetaten og kemnerkontora. No foreslår dei å legge 34 nye arbeidsplassar til Skatteetaten i nordmørsbyen for å arbeide spesielt med arbeidsgjevaravgift og svart arbeid.
Ifølgje Nesvik er dette 25 fleire arbeidsplassar enn det Skatteetaten sjølv hadde lagt opp til.
– Dette viser at vi er villige til å satse i regionen og at vi flyttar arbeidsplassar ut i distrikta og ikkje sentraliserer, seier Nesvik, som kallar det ei stor og gledeleg nyheit for området.
Treng hjelp frå støttepartia
Men arbeidsplassane er ikkje heilt i boks enno, for Regjeringa er avhengig av støtte frå KrF og Venstre for å få fleirtal for reforma.
– Så eg håper dei veldig raskt kan gje til kjenne at dei også støttar dette så regionen kan få endå fleire statlege arbeidsplassar, seier Nesvik.
Nesvik vedgår at arbeidsplassane blir henta frå andre stader.
– Noko blir henta frå andre stader, men vi styrkar no i Kristiansund i staden for å bygge ned. Det er den store nyheita her.