Vil låne 90 millionar til fasade

Administrasjonen i Helse Møre og Romsdal går inn for å fullføre neste fase i rehabiliteringa av fasadane på Ålesund sjukehus. Innstillinga går ut på å låne 90 millionar kroner for å gjennomføre neste byggetrinn. Første byggetrinn er i gang, og prosjektet består av i alt tre fasar. Heile prosjektet er kostnadsrekna til 255 millionar kroner. Det var etter orkanen i 2016 at det blei oppdaga omfattande ròteskadar under fasadeplatene på sjukehuset.

Rehabilitering av sykehusfasade i Ålesund
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK