NRK Meny
Normal

Vil la også sanatoriebarn søkje oppreising

I tre år har Synnøve Holte kjempa for oppreisning for seg og andre barn som budde delar av oppveksten sin på sanatorium. Onsdag gjorde KS i Møre og Romsdal eit vedtak som gjer at også sanatoriebarn kan søkje oppreisning for overgrep og omsorgssvikt.

Synnøve Holte

Synnøve Holte var sju år då ho kom til Reknes sanatorium.

Foto: Privat

Synnøve Holte

Synnøve Holte er glad for at fleire grupper blir inkludert i ordninga.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
Reknes sanatorium

Reknes blei drive som barnesanatorium til ut på 60-talet.

Foto: Hans Thomas Eikrem
Brev fra Synnøve Holte

Holte opplevde at brev heimanfrå blei gøymde vekk på Reknes.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dette er ei gledeleg avgjerd, seier Holte til NRK. Det betyr at dei trur på det vi har fortalt om korleis det var å vere på sanatorium på 50- og 60-talet.

Ho har kjempa lenge for at også denne gruppa skal få rett til å søkje erstatning for overgrep dei blei utsette for i barndommen.

Til Reknes som sjuåring

Sju år gamal kom Synnøve Holte til Reknes sanatorium i Molde. Året var 1964 og sjuåringen kom reisande frå heimkommunen Volda i lag med den tre år yngre syster si.

Til Reknes kom tuberkulosesjuke born frå Trøndelagsfylka, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal for å bli friske. For Holte blei opphaldet verre enn frykta. Ho har tidlegare fortalt NRK om vald, truslar og isolasjon under opphaldet.

Kommunar vil gi erstatning

Dei siste ti åra har mange tidlegare barneheimsbarn fått erstatning for overgrep dei blei utsette for. Mange fortalde skakande historier om forholda dei levde under medan dei var under offentleg omsorg.

Ei nasjonal kartlegging av spesialskular og barnevernsinstitusjonar slo i 2004 fast at forholda hadde vore kritikkverdige ved mange institusjonar der barnevernet hadde plassert barn i perioden 1945–1980.

I kjølvatnet av desse sakene kom også andre grupper fram med sine historier om omsorgssvikt og overgrep, mellom dei born som budde på sanatorium og spesialskular.

Meir enn 1000 born blei sende vekk

I alt blei fleire enn 1000 born sende vekk frå familiane sine for å få behandling for tuberkulose. Etter at Holte fortalde si historie for tre år sidan har fleire andre også kjempa for å få erstatning for opplevingane dei hadde som barn. Fleire har vunne fram.

Ulikt mange andre fylke, har kommunane i Møre og Romsdal fram til no ikkje klart å samle seg om ei felles erstatningsordning. Difor har ikkje Holte og fleire andre i hennar situasjon vunne fram med sine krav.

Samrøystes vedtak i KS

Knut Støbakk

Knut Støbakk er leiar i KS i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Onsdag snudde dette altså – og eit samrøystes fylkesmøte i KS gjekk inn for ei felles ordning. 20 kommunar har så langt sagt at dei vil vere med på ordninga, men fylkesleiar i KS, Knut Støbakk, trur fleire vil kome etter.

-Enkelte kommunar har hatt eigne ordningar og er slik sett ferdige med desse sakene, men andre har nok berre ikkje meld frå til no. Vi håper flest mogleg vil vere med, og det trur eg også at dei vil, seier Støbakk til NRK.

I vedtaket heiter det at alle som med heimel i Barnevernlova har vorte plasserte i institusjonar, som barneheimar eller spesialskule, og som har vorte utsette for overgrep, blir omfatta av oppreisningsordninga.

Dette gjeld ikkje sanatoriebarn, som kom på grunn av sjukdom, men Støbakk seier dei likevel er rekna med.

–Det står i vedtaket at det er ei nemnd som skal vurdere grensetilfelle. Dette er formulert slik, fordi vi ikkje kjenner alle grupper som kan kome til å søkje oppreising. Vi ønskjer difor at nemnda si oppgåve skal vere å vurdere kor alvorlege overgrepa er, ikkje kvar dei har skjedd, og difor er også sanatoriebarna rekna med, seier Støbakk.

Glad for at fleire er inkludert

– Det eg har fått referert frå vedtaket er dei vil inkludere ikkje berre barneheimsbarn, men også spesialskulebarn og sanatoriebarn, og det er eg svært glad for, seier Holte.

–Trur du mange sanatoriebarn no vil søkje oppreising?

–Når det gjeld sanatoriebarn er det vanskeleg å seie, for dei fleste står ikkje fram, seier Holte. -Så eg trur ikkje det vil gjelde veldig mange. Men for dei det gjeld, betyr det mykje.

I vedtaket frå KS er det sett ei øvre grense på 400 000 kroner for utbetaling. Holte hadde trudd dei ville legge seg på same nivå som andre kommunar, men registrerer at dette ikkje er gjort.

– Eg veit ikkje heilt korleis dei har kome fram til den summen, i Sogn og Fjordane gjekk grensa ved 750 000. For nokon betyr det ikkje så mykje, for andre betyr det veldig mykje.

Ho meiner likevel det viktigaste er å bli trudd, ikkje storleiken på erstatningssummen.

Meiner ordninga er til å leve med

Ståle Refstie

Ståle Refstie trur mange vil ha glede av ordninga som blei vedtatt onsdag.

Foto: Roar Halten / NRK

Sunndal-ordførar Ståle Refstie har vore ein av pådrivarane for å få til ei felles ordning. Han trur vedtaket i dag vil komme mange til gode.

–Dette er eit kompromiss, men absolutt til å leve med. Det femner om det viktigaste, at dei som har opplevd omsorgssvikt og overgrep no får moglegheit for å få ei orsaking og oppreisning, seier Refstie.

Han hadde ønskt at KS var enda klarare på å inkludere fleire grupper, som til dømes fosterbarn, men meiner dette er varetatt så lenge nemnda har fullmakt til å vurdere grensetilfelle.

–Eg trur dette skal bli greitt for de aller fleste, seier Refstie.

Han har vore i kontakt med mange som vil kunne søkje den nye ordninga.

– Erfaring tilseier at det finst ein eller to personar per 1500 innbyggjarar som har krav på erstatning gjennom ei slik ordning. I Sunndal har eg hatt fleire innom kontoret mitt. Eg har høyrt om skjebnar som skjer meg i hjartet. Eg har også fått telefonar frå andre stader i fylket.

Ein lang veg

Dei siste tre åra har Synnøve Holte lært mykje om kommunal sakshandsaming og politiske prosessar. Ho har lært at ting tar tid og at det er mange hindringar i vegen.

–Det gjeld å ikkje gi opp, som på dei fleste område i livet. Men det er verd det om det kjem til gode for den gruppa eg representerer – og fleire.

Med bakgrunnen i utsegnene frå KS kjenner ho seg relativt trygg på at dei no blir vurdert for oppreisning. Men ho vil framleis halde eit auge med prosessen.

–Slik eg har fått referert intensjonane om å inkludere sanatoribarn, er eg positiv. Men eg vil nok halde auge med dette også vidare, til vi er heilt i mål, seier Holte.