Hopp til innhold

Dette burde Noreg bli best på

– Ute i Europa held dei fisk for å få næring til plantene, men her i Noreg driv vi stort med oppdrett utan å nytte oss av næringsstoffa. Her ligg eit enormt potensial, seier gründer Vibekke Evensen.

Vibekke Evensen

Vibekke Evensen er ein av fleire gründerar på Sunnmøre. Måndag kveld var ho med i valsendinga til NRK frå Ålesund for å snakke om sine idear.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Vallogo

Vibekke Evensen deltok i NRK si valsending i Ålesund måndag kveld, der det blant anna handla om næringsliv og arbeidsplassar i framtida.

Evensen har med seg idear som har fått mange i Noreg og i det maritime miljøet på Sunnmøre til å sperre opp auga.

– Her i området har vi mykje oppdrettsindustri i stor skala på land, men slepp næringsstoffa rett ut i elvane. I andre delar av verda held dei fisk for å få næring til plantar. Dette kan vi få til i stor skala, og dette burde vi vere best på, seier gründeren.

– Midt i smørauget

Saman med andre studentar starta ho ei studentbedrift med namn Lotics, og fekk mykje merksemd då studentbedrifta vart kåra til den beste i Noreg tidlegare i år. No er ho ikkje lenger student, men har danna eit AS og opplever at mange vil vere med og satse.

Ho har fått kontor inne på Kunnskapsparken på Norsk Maritimt kompetansesenter i Ålesund, og opplever at mange vil samarbeide.

– Her føler eg meg som midt i smørauget. Her har eg mykje kompetanse rundt meg, og sug til meg all informasjon og hjelp eg kan få.

Sjølv er ho bioingeniør med bakgrunn i økologisk landbruk.

Produserer grønnsaker på oppdrettanlegg

Vibekke Evensen vil produsere grønsaker ved hjelp av oppdrettsanlegg.

Går inn med 700 000 kroner

Vekstprosjektet Vekst i Stordal har stor tru på å gjere om nedlagde møbelfabrikklokale til lokale for oppdrett av fisk og grønsaker i ein kombinasjon.

Vekst i Stordal har gått inn med 700 000 kroner i prosjektet, og snart håper dei å sette opp eit testanlegg med tre 20 000 liters kar med 30 000 yngel. Her er det også plass til 250 kvadrat med planter. Planen er å dyrke mellom anna Crispysalat, basilikum, urter, brønnkarse, agurk, tomat og aubergine, og dei håper å i endå større grad få kartlagt miljøeffektane av eit slikt anlegg

Etter å ha reist rundt i verda ser Vibekke Evensen at det er folk i mange land som testar ut og prøver ideane, blant anna i Tyskland og Frankrike. Men blant all den kompetansen som vi set på innan oppdrett i Noreg er ho ikkje i tvil – det er her vi må få til dette.

Innan fem år håper ho å ha knytt på eit anlegg som produserer grønsaker på fem oppdrettsanlegg i Noreg.

Skepsis frå oppdrettsnæringa

Ho har eit femårsmål om å knyte seg til fem eksisterande landanlegg som driv oppdrett i Noreg i dag. Dette vil få reinsa vatnet frå anlegga før dei blir pumpa ut i elvane, samt gi fantastiske næringsstoff til dyrking av grønsaker. Målet er ein dag å få pumpa reint vatn tilbake i kara med fisk, men det er litt opp og fram å få den teknologien på plass.

– Det er klart at det er framandt for mange i næringa enno, men eg har stolpetru på at dette er framtida, seier ho.