Hopp til innhold

Vil kokkelere seg til topps

Draumen er gå heilt til topps, men før det må det trenast. Elevane på kokkelaget "Los Bandidos" skal trene i heile dag til den store finalen i Tine MatCup. Vi sender direkte frå treningskjøkkenet klokka 1155.

Elevane på kokkelaget "Los Bandidos" skal trene i heile dag til den store finalen i Tine MatCup.

Malin Sæter, Håvard Onsøyen og Daniela Yasmin Holen utgjer laget "Los Bandidos". Dei er elevar med Rauma Vidaregående Skole og har nådd heilt til topp i konkurransen om å få representere Møre og Romsdal i kokkefinalen.

Malin og Håvard er kokkeelvar og Daniela Yasmin skal bli servitør.

Servitører

Ida Karin Romuld er reserveservitør, og Daniela Yasmin Holen skal servere.

Foto: Frode Berg / NRK

Det er Tine og Norges Kokkelandslag som står bak konkurransen som har som mål å motivere faguøverar og auke rekrutteringa til kokkefaget.

Den store finalen er i Stavanger den 24.februar og dei fem finalelaga har fått vite kva råvarer dei skal bruke. Forretten må innehalde 60 prosent reinsdyr og rømme. Hovudretten skal innehalde sei, fløte og saus. Og til dessert skal det vere kefir, solbær og melkesjokolade. Det blir opp til laga å setje saman ein meny ut i frå råvarene.

I tida fram mot 24.februar er det intens øving for elevane.

Korleis "Los Bandidos" førebur seg, det får du sjå i vår nettsending frå klokka 1155.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL