NRK Meny

Vil kjøpe Fiskåholmen

Vanylven kommune bør kjøpe industriområdet Fiskåholmen på Fiskå, med tilhøyrande bygg og utstyr, for inntil 7,3 millionar kroner. Det meiner rådmann Andreas Nørve. Ulstein verft la ned aktiviteten ved anlegget i fjor. No meiner rådmannen at kommunen må medverke til å sikre moglegheit for å etablere vidare aktivitet, skriv Synste Møre. Formannskapet skal ta stilling til saka førstkomande tysdag.