Vartdal Plast er heilt avhengig av ferjesambandet som står i fare for å leggast ned. Det er avisa Møre-Nytt som melder at konsernet er villege til å strekkje seg langt for å komme seg over fjorden.
– Vi utelukkar ikkje at det kan vere aktuelt for oss å kjøpe ei ferje, seier dagleg leiar Jan Endre Vartdal til Møre-Nytt.
Må spare pengar
Fylkeskommunen vil kunne spare mellom 12 og 14 millionar kroner årleg på å legge ned sambandet. Ruta har hatt ein trafikknedgang på 12 prosent så langt i år.
Men for Vartdal Plast vert det katastrofalt om ferja forsvinn. Då vil dei måtte køyre ein stor omveg og ta to andre ferjer i staden for.
–Det er jo mogleg at det å vurdere å kjøpe ei ferje er å skyte litt høgt, men vi ser det som eit samfunnsansvar å engasjere oss i debatten, seier Vartdal til NRK.
Auka kostnader
Det går fint an at private kjøper ferjer, seier Leif Øverland i Fjord1.
Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpixHan forstår at det handlar om kroner og ører for fylkeskommunen, men meinar at ein kan ikkje sette ein prislapp på det å ha eit ferjesamband i regionen.
Vartdal plast køyrer 5-6 vogntog over sambandet kvar einaste dag, og er dermed ein av dei største brukarane av ferja.
– Visst ferja forsvinn vil det vere svært negativt for verksemda vår. Vi vil få auka kostnader og mykje lenger transporttid, seier Vartdal.
Fleire ferjer er til sals
Det er ingenting i vegen for at private aktørar kan kjøpe ferjer. Administrerande direktør i Fjord 1, Leif Øverland, seier at både dei og konkurrentane har ferjer til sals.
– Det er relativt dyrt å kjøpe ei ferje dersom det er berre ein kunde, men det går an. Vi har dørene opne dersom Vartdal plast vil ha ein dialog med oss, seier Øverland.
I Bergen er dei i dialog med ein privat aktør som vurderer å starte eit ferjesamband.