NRK Meny
Normal

Vil kjempe for lensmannskontor

Når politireforma skal settast ut i livet blir talet på politidistrikt blir redusert frå 27 til 12, og om lag eit hundre tenestestader skal fjernast. Slik som i Sula vil truleg mange kjempe for å bevare lensmannskontoret sitt.

Når politireforma skal settast ut i livet blir talet på politidistrikt blir redusert frå 27 til 12, og omlag eit hundre tenestestader skal fjernast. Slik som i Sula vil truleg mange kjempe for å bevare lensmannskontoret sitt.

Mange vil truleg kjempe for å behalde sitt lensmannskontor, slik som dei vil i Sula.

– Det har jo blitt nedbygd litt her på Sula dei siste åra, men vi ser at med Sula sin vekst og dei behova som er rundt det med orden så treng me framleis tenesta her på Sula, seier ordførar i Sula, Geir Ove Vegsund.

Tettare samarbeid med kommune

Geir Ove Vegsund

Geir Ove Vegsund ser behovet for lensmannskontoret i Sula.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Møre og Romsdal politidistrikt blir namnet når politireforma trer i kraft og det blir 12 i staden for 27 politidistrikt.

Etter kvart blir om lag eit hundre tenestestader borte på landsbasis, og då skal det vere tettare samarbeid mellom politi og kommune.

– Det trur eg er viktig for i mykje av det førebyggande arbeidet er også lensmannen og politiet ein del av det arbeidet, seier ordførar Vegsund.

– Vi ser at det i forbindelse med barnevernssaker er det eit veldig tett samarbeid mellom kommune og lensmann alt i dag, seier han.

Nærpolitireform

«Nærpolitireform» heiter det sjølv om det blir færre distrikt og tenestestader, men kva legg Ola og Kari Nordmann i uttrykket nærpoliti?

Rolf Salen

Rolf Salen.

Foto: Arild Pettersen / NRK

– Nærpoliti, då må politiet vera tilgjengeleg i området. Det er ikkje nødvendigvis på eit kontor, men helst i bil, seier Rolf Salen.

Treng de lensmannskontor i Sula?

Kari Eid

Kari Eid.

Foto: Arild Pettersen / NRK

– Ja, med korleis samfunnet utviklar seg i dag så treng me det. Det er mykje uro og bråk i bygda vår, kvar einaste helg er det mykje som skjer, seier Kari Eid.