Førre veke blei det kjent at Forsvarssjefen vil legge ned HV-11. Forsvarssjefen skal spare pengar, og i nedskjeringsplanane ligg blant anna HV-11 på Åndalsnes.
No skal regjeringa sjå over forsvarssjefen sine forslag, og seinare avgjere om dei er einige i det han foreslår. Dersom HV-11 blir nedlagt, vil dei 33 tilsette ved heimevernsleiren på Setnesmoen i Rauma miste jobben.
Fylkesmann Lodve Solholm vil no jobbe for at dette forslaget ikkje blir vedtatt.
– Vi kjem til å protestere mot dette forslaget på høyringa, slik som vi har protestert tidlegare. Vi meiner at HV 11 er svært viktig, ikkje minst i forhold til beredskapssituasjonen i fylket vårt, seier han.
- Les også:
Sitter inne med viktig lokalkunnskap
Fylkesmannen meiner beredskapen i fylket vil lide dersom denne kompetansen forsvinn frå distriktet.
– Når vi tenker på den lokalkunnskapen som heimevernet sit inne med, så er det ikkje rett å legge ned heimevernsleiren på Setnesmoen. Det er mi meining, og dette vil vi kjempe for, seier Solholm.
Også ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad, meiner forsvarssjefen er på feil spor.
Tidspunktet for ei eventuell nedlegging er så langt ukjent, men det kan ta over eitt år før planane blir fullført.
– Dei militære leiarane av HV-distriktet er sjølvsagt ikkje heva over verken den militære kommandolinja eller demokratiet. Det er derfor vår plikt å godta ordren om nedlegging dersom Stortinget skulle godta forsvarssjefens anbefaling, opplyser sjef for HV-11 Per Olav Vaagland i ei pressemelding.
Forsvarssjefen fortalde under framlegginga av hans fagmilitære råd at dei har planar om å kutter 12 000 soldatar i Heimevernet, og anbefaler at det skal vere 30 000 soldatar totalt i Noreg.
Dette er ikkje første gong HV-11 på Setnesmoen i Rauma har vore nedleggingstrua.
- Les også: