– Kvinnemangel er den største politiske utfordringa

Kvinnemangelen i Møre og Romsdal vil vere ein av kjepphestane til Gunn Berit Gjerde (V) i ny periode som fylkesvaraordførar.

Gunn Berit Gjerde

Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde er klar for fire nye år i fylkespolitikken.

Foto: Terje Reite / NRK

Venstrepolitikaren meiner kvinnemangelen i Møre og Romsdal er kritisk.

Møre og Romsdal er det fylket i landet som har færrast kvinner i alderen 20–39 år. Ved inngangen av 2013 var det 89,9 kvinner per 100 menn i denne gruppa. Landssnittet ligg på 95.1

– Må snu trenden

Gjerde har no sagt ja til fire nye år i fylkespolitikken, og lèt etter seg inga tvil om kva som blir den største utfordringa.

– Vi må klare å snu den negative trenden og få fleire kvinner til å busette seg i Møre og Romsdal, seier ho.

meiner at Møre og Romsdal mistar dei unge flinke damene som skapar eit spennande fylke. Dei reiser ut for utdanning, men kjem ikkje tilbake.

– Vi må gjere noko med høgskulesystemet vårt slik at fleire studerer her. Vi blir tappa for den kreativiteten som damene står for. Det er heller ikkje interessant for mannfolka å bli verande her viss ikkje her er damer, seier ho.

– Nye utviklingsmodellar

Men kor god tid har Gjerde på seg til å snu trenden før fylkeskommunen eventuelt blir lagt ned? Dei to regjeringspartia ønsker å leggje ned fylkeskommunen, og vil gjennomføre ein reform der kommunane skal bli større og sterkare og få tildelt fleire oppgåver.

– Sjølv om eg ser kva som skjer rundt meg no, så trur eg at same kva dei gjer med kommunane no, så blir dei for små. Dei skal bli veldig store før vi ikkje har behov for eit regionalledd, kommenterer Gjerde.

– Eg trur ein treng å sjå på nye utviklingsmodellar for fylka – det treng vi, legg ho til.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.