Hopp til innhold

Vil kjempe for å bli ein del av Aukra

I dag var fleire av innbyggarane på øyene Ona, Sandøy og Orten samla for å diskutere framtida.

Øyefolket på Ona vil til Aukra

Øybuarane på Ona, Sandøy og Orten vil til Aukra. – Dette er ei sak vi brenn for, seier talsmannen for øyfolket, Odd Arve Orten.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Spørsmålet rundt kvar dei tre øyane skal høyre til vekker engasjement blant øybuarane på Ona, Sandøy og Orten. Laurdag var fleire av innbyggarane på dei tre øygruppene samla til eit folkemøte på Sandøya.

Odd Arve Orten

Odd Arve Orten er talsmannen for øyfolket på Ona, Sandøy og Orten.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

– Dette er ei sak vi brenn for og som mange har sterke meiningar om, seier talsmannen for øyfolket, Odd Arve Orten.

Føler tilknyting til Romsdal

Øyfolket har tidlegare ønska å gå over til Aukra, og i starten av januar sende dei ein formell førespurnad til kommunen. Innbyggjarane på dei tre øyane meiner at dei har større tilhøyring til Romsdal og Aukra kommune enn ein eventuelt storkommune på ytre Sunnmøre.

Men 21. januar kom svaret frå kommunestyret i Sandøy. Arbeidarpartiet, med ordførar Oddvar Myklebust i spissen, vedtok med sine 10 mot ni stemmer å seie nei til vedtaket, om å la dei om lag 60 øybuarane gå til Aukra.

– Det at vi fekk nei er sjølvsagt frustrerande så no i dag diskuterer vi kva vi skal gjere vidare, seier Orten.

Folkemøte lørdag

Laurdag var fleire av innbyggarane på dei tre øygruppene samla til eit folkemøte på Sandøya.

Foto: Ann Eli Nøsen

– Det kjennast litt som David mot Goliat. Vi føler ei sterkare tilknyting til Romsdal. Det er ingenting gale med å vere sunnmøring, men det handlar om identitet og kjensler, seier Orten.

Denne nærleiken gjeld også fysisk avstand.

– Det er naturleg for oss å reise til Molde når vi skal til næraste by. Det blir ei amerikareise for oss å reise til Ålesund, seier Orten.

Vil at saka skal bli tatt opp på nytt

Dei rundt 60 innbyggarane som bur på dei tre øyane utgjer berre ein liten del av dei 1260 som bur i Sandøy kommune.

Oddvar Myklebust

Oddvar Myklebust (Ap) er ordførar i Sandøy kommune og har sagt nei til at dei om lag 60 øybuarane skal kunne gå til Aukra.

Foto: NRK

– Vi sa nei fordi dette er ein liten del av dei som bur i kommunen, og dei andre har ikkje ytra eit ønske om det. Turistnæringa, som er viktig for oss, har sagt dei ikkje vil øyfolket skal gå til Aukra, og vi ser store verdiar i Ona, seier ordførar i Sandøy kommune, Oddvar Myklebust.

Orten meiner likevel at meiningane deira bør telje i den store samanhengen.

– Kommunereforma legg heilt klart til rette for at kommunegrensene kan endrast og at ein skal sjå på kartet på nytt, seier han.

No krev øybuarane at saka blir tatt opp i kommunestyret på nytt.

– Vi meiner at det kan ha skjedd saksbehandlingsfeil når vedtaket vart gjort og vi ønskjer difor at saka blir tatt opp på nytt. I tillegg ønskjer eg å snakke med fylkesmannen først, seier Orten.

– No må eg sjå kravet først, men det kan godt hende vi kan sjå på saka i kommunestyret igjen. Men det blir likevel nei frå Arbeidarpartiet sin side, seier Myklebust.

Sjå også:

Ferga ut mot Ona, folk om bord i ferga som går mellom øyene, Romsdal i sikte, Sunnmøre i sikte, folk på fergekaia på Ona, på broen på ferga Kvaløy, Ona fyr

Se reportasjen frå 08.01.2016 om øyfolket som kjempa for å komme seg ut av Sandøy kommune.