På Kongens plass i Kristiansund heldt den verdskjende akuttlegen Mads Gilbert ein flammande appell om kor viktig det er å behalde lokalsjukehusa rundt om i landet og ikkje sentralisere helsetilbodet.
– Kampen om lokalsjukehusa er kampen om hjørnesteinsfunksjonar i velferdsstaten. Akkurat slik som skule og samferdsel. Kampen om lokalsjukehus er kampen om busetjing i distrikta, sa Gilbert i sin tale.
Mads Gilbert vil ikkje blande seg inn i sjukehusstriden i Nordmøre og Romsdal. Hans agenda er å hindre at lokalsjukehus rundt om i heile landet vert lagt ned. Ifylgje Gilbert er ein tredel av sjukehusa nedleggingstruga eller står i fare for å miste funksjonar.
Fleire hundre møtte opp på Kongens plass i dag.
Foto: Eirik Haukenes / NRKValde Molde
I 2012 vedtok Helse Møre og Romsdal at det skal byggast eit felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal. I desember i fjor avgjorde helseminister Bent Høie at sjukehuset skal ligge på Hjelset i Molde. Dei siste månadane i prosessen var prega av bråk og konfliktar. Saka vart handsama av kontroll- og konstitusjonskomiteen, som peikte på fleire kritikkverdige høve i sjukehussaka. Kristiansund kommune har vurdert om dei skal gå til rettssak fordi dei meiner at tomtevalet ikkje vart fatta på eit lovleg grunnlag.
Kampen held fram
I dag danna ei gruppe privatpersonar eit interimsstyre. Dei skal kjempe for å bevare Kristiansund sjukehus.
Foto: Eirik Haukenes / NRKEtter arrangementet på Kongens plass vart det i ettermiddag danna eit interimsstyre for ei gruppe som skal kjempe for å behalde Kristiansund sjukehus slik det er i dag. I spissen står Stein Kristiansen.
– Vi vil at lokalsjukehuset som har adresse i Kristiansund skal bestå, Kristiansen.
Han meiner at 95 prosent av nordmøringane synest dei er betre tent med å ha det sjukehuset dei har i dag.
– Er ikkje det toget gått?
– Vi har blitt førespegla at vi har tapt kampen, men det er vi usamde i, seier Kristiansen. Gruppa han representerer består av privatpersonar.