Av:
/
/
Fjellskred og flodbølgjer er sjeldne hendingar, men dei har gitt mange av dei største ulukkene i Noreg. Utbygginga av tettstader og reiseliv gjer at vi er langt meir sårbare no enn før, seier Anda.
Redusere risiko
I dag har ein ikkje oversikt over kor mange rasfarlege fjell som finst i Møre og Romsdal. No vil geologane undersøke fjella i fylket endå betre og klassifisere dei ut frå kor farlege dei er.
Dette er tiltak som blir sett i verk for å redusere risikoen ved nye fjellskred og flodbølgjer. Fylkesgeologen vil kartlegge alle kandidatar til nye fjellskred, og det nyaste innan teknologi skal takast i bruk.
Digital kartlegging
Ei digital kartlegging skal først finne alle fjellsider som er høge og bratte nok til å gje fjellskred. Deretter vil geologane leite i feltet etter dei typiske førskred-signala. Historia viser at fjellskred varslar seg sjølve med oppsprekking og utglidingar på førehand, seier Einar Anda.
No ønskjer han å bruke 2,8 millionar kroner på ei digital kartlegging av alle fjellområde der det kan vere fare for ras.
Opstadhornet er eitt av dei mest farlege områda ein kjenner til i fylket. Molde by ligg utsett til for ei eventuell flodbølgje dersom fjellet rasar ut. (Foto: NRK)
Lyd og video