Hopp til innhold

Vil jobbe på rådhuset

Ålesund kommune går nye vegar for å skaffe seg folk til å arbeide på rådhuset.

Trainee Ålesund

Kristina Rasmussen er trainee i Ålesund kommune. Personalrådgjevar Magne Karlsen er glad for å få nye, unge krefter inn.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det å arbeide i kommunesektoren er ikkje blant dei mest populære yrkesvala blant ungdom i dag.

Saman med KS går Ålesund kommune inn for å rekruttere ungdom på ein ny måte.

Kristina Rasmussen (27) er nyutdanna sosiolog, og kunne godt fått seg ein jobb i ei privat bedrift. I staden arbeider ho no i kommunesektoren.

Trainee-ordning

Ålesund er ein av få kommunar i landet som har starta ei trainee-ordning, der nyutdanna ungdommar får arbeide på fleire felt innanfor ein kommune.

Her får dei verdfull arbeidserfaring og god innsikt i kommunal forvaltning.

- Eg stortrivst som trainee, seier Kristina Rasmussen.

Mange søkjarar

Personalrådgjevar Magne Karlsen i Ålesund kommune seier at det har vore stor interesse for å delta.

Til det første kullet var det 400 søkjarar til 13 plassar på landsplan.

I løpet av 18 månader skal Kristina Rasmussen få prøve seg innanfor fleire forskjellige fagfelt i rådhuset.

27-åringen kan godt tenke seg ei framtid i kommunesektoren, og no får ho ei god innføring på rådhuset i Ålesund.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL