Hopp til innhold

Vil inspirere unge med bohemhistorie

Skodespelar Eva Mørkeset vart bergtatt av ei bok om Oda Krohg då ho var 16 år. No står ho på scena med eit stykke om den opprørske bohemen ho håper skal inspirere unge i dag.

Eva Morkeset på scenen som Oda Krogh

Eva Mørkeset spelar hovudrolla som bohemen Oda Krohg.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Eg har alltid vore så redd for kva andre tenker om det eg gjer, men så eg las boka om Oda Krohg. Då vart eg inspirert til å våge å seie frå og vere meir ærleg. Det er dette eg ønskjer å formidle, seier Eva Mørkeset.

100 år etter at Oda Krohg skapte furore i Kristiania vil Mørkeset difor gjere henne kjent for ein ny generasjon. Manus er inspirert av boka «Oda! » av Ketil Bjørnstad og stykket blir spelt på Arbeideren i Ålesund.

«Satans kvinne»

Skodespelar Eva Mørkeset som Oda Krogh

Mørkeset framstiller livet blant bohemane i Kristiania.

Foto: Jannicke Farstad / NRK
Eva Mørkeset som Oda Krogh

Det er ei dramatisk historie om livet til Oda Krohg.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

På ei bittelita scene i Ålesund speler ho framsyninga «Oda – Satans kvinne». Og det er ei fargerik kvinne som blir skildra.

Oda Krohg vart fødd i Oslo i 1860, og var dotter av ein regjeringsadvokat. Men ho skulle vekse opp og krevje mykje meir plass enn det som passa seg for ei kvinne på den tida.

Kunstmålaren og bohemen som forførte den eine etter den andre av Kristianiabohemane ville så mykje, men opplevde også at det fekk konsekvensar.

I stykket får ho lite tid til å vere mor. Men like viktig er fokuset på kor banebrytande og uredd ho levde, på tvers av det som det var venta av henne.

  • Eva Mørkeset meiner bohemprinsessa er like aktuell i dag. Sjå video:
    Skodespelar Eva Mørkeset håper dagens unge vil la seg inspirere av historia om Oda Krogh.

Håper å inspirere fleire

Manusforfattar Dag Norgård har ifølge Eva henta mykje av teksten til stykket direkte frå dokumentarromanen «Oda!»

I tillegg til å la seg inspirere av person Oda Krohg, håper ho mange kan få lære meir om tida ho levde i.

– Det var jo ei fascinerande tid, då bohemane byrja å framstille verda slik den var, ikkje eit romantisk bilete av den. Det i seg sjølv er jo ei eventyrleg historie.

Men aller mest vil ho underhalde og få publikum til å reflektere over sine eigne liv.

– Eg håper folk går ut og tør litt meir. At dei vågar å leve livet sitt slik som dei ønsker det sjølve, seier Mørkeset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL