Hopp til innhold

Vil inn på eigarsida i Havila

Investoren Tom Henning Slethei vil ifølgje avisa Sysla inn på eigarsida i det kriseråka Havila i Herøy. Slethei skal ha vore med og låne 500 millionar til reiarlaget.

Tom Henning Slethei

Investoren Tom Henning Slethei er ein av dei som ikkje er samd i redningsplanen for kriseråka Havila.

Foto: Frp

Det er nettavisa Sysla som fredag ettermiddag skriv at investoren og Frp-politikaren Tom Henning Slethei frå Sola vil inn på eigarsida i Havila.

Vi kan ikkje ta heile smellen, seier han til avisa.

Misfornøgde med redningsplanen

Havila Subsea 7 ved kai

Havila har fleire skip i opplag som følgje av krisa i offshorenæringa.

Foto: Frode Berg / NRK

Havila er eitt av reiarlaga som no kjempar hardt for å unngå konkurs. Selskapet skulle etter planen betale 3,2 milliardar kroner i avdrag i perioden 2017-2019, men la onsdag fram ein ny plan som dei håper skal gje dei høve til å halde fram til november 2020.

Men torsdag kom det fram i ei børsmelding at fleire obligasjonseigarar er misfornøgde med den løysinga som leiinga i selskapet presenterte tidlegare i veka.

Vil ta over styringa av Havila

Ifølgje Sysla varslar no nokre av långjevarane at det siste forsøket på ein redningsplan kjem til å bli torpedert. Avisa skriv at Havila i august 2012 lånte 500 millionar frå 130 investorar, gjennom eit obligasjonslån. Dei skulle få nesten 10 prosent rente på investeringa, før dei skulle få heile beløpet tilbake i august i år.

Det skjedde som kjent ikkje, og no vil nokre av långjevarane ifølgje avisa gjere om låna sine til eigenkapital, og dermed overta aksjemajoriteten i Havila.

–Vi meiner det er ei god løysing, både for oss, bankane og reiarlaga, seier Slethei.

Havila møter obligasjonseigarane 23. november.