Hopp til innhold

Vil ikkje utsetje barneavdelinga

Styreleiaren i Helse Midt-Noreg går ikkje med på å utsetje bygginga av ny barneavdeling ved sjukehuset i Ålesund.

Kolbjørn Almlid / St. Olavs hospital (montasje)

Kolbjørn Almlid vil hente pengar til barneavdelinga frå St. Olavs Hospital.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

I sakspapira til styremøtet i Helse Midt-Noreg torsdag 12. mars blir det gjort framlegg om å utsetje bygginga endå ein gong. Blir dette vedteke, blir det ikkje byggestart før tidlegast i 2010.

Helse Sunnmøre har planlagt med byggestart sommaren 2009, slik at avdelinga kan stå ferdig i desember 2010.

- Finansieringa ikkje avklart

Styreleiaren i Helse Midt-Noreg, Kolbjørn Almlid, seier til Sunnmørsposten at han vil innstille på at bygginga går som planlagt, og at anbodspapira blir sende ut så fort som råd.

- Årsaka til utsetjingsframlegget frå administrasjonen i Helse Midt-Noreg er at det ikkje er lagt fram nokon finansieringsplan for prosjektet. Det må vi ha, seier Almlid.

Pengar frå St. Olav

Kolbjørn Almlid vil hente pengar til barneavdelinga i Ålesund frå investeringane ved St. Olavs Hospital. - Eg tar sikte på at vi skal greie å presse investeringane ved St. Olav ned med rundt 150 millionar kroner i 2010. Denne summen skal gå til bygginga av barneavdelinga. Det blir eit slags omvendt "trønder-ran", dette, seier Almlid.

Etter alt å dømme vil framlegget frå Almlid få klart fleirtal i styret, skriv Sunnmørsposten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL