Hopp til innhold

Vil ikkje spreie influensa til pasientane

Ved sjukehuset i Ålesund er pågangen frå tilsette som vil vaksinere seg så stor, at det er tomt for vaksinar. Nye er bestilte, forsikrar smittevernlegen.

Caroline Haugen og Maria Jacobsen ved avd for med. biokjemi ved sjukehuset i Ålesund

Caroline Haugen og Maria Jacobsen ved avdeling for medisinsk biokjemi ved sjukehuset i Ålesund, meiner det er viktig å ta vaksinar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Vanlegvis er det berre ein liten del av helsepersonell som tek influensavaksine. Men denne hausten er det snutt heilt om. Slik er det ved fleire sjukehus, og ikkje berre i Ålesund.

Stadig fleire brettar opp ermane og tek sprøyta som skal hindre at dei sjølve og andre blir sjuke.

– Eg går så mykje rundt om på avdelingane, at eg vil vaksinere meg. På den måten vil eg beskytte både pasientar og kollegaer, seier bioingeniør Caroline Haugen.

Caroline Haugen og bedriftssjukepleiar Nina Moltubakk Vik

Caroline Haugen får sprøyte av bedriftssjukepleiar Nina Moltubakk Vik

Foto: Malin Kjeldstadli Korsnes / NRK

Influensa er gjengangar

I fjor tok berre 17 prosent av helsepersonell influensavaksine. Det synest mange tilsette er synd.

– Det er lett å ta vaksine for å beskytte både andre og seg sjølv. Vi veit at influensaen alltid kjem, og bør gjere alt for å hindre at den spreier seg, meiner Caroline Haugen.

Smittevernoverlege Jørn-Åge Longva må konstatere at hyllene er tomme for vaksinar nett no, og har bestilt inn nye.

Smittevernoverlege Jørn-Åge Longva ved sjukehuset i Ålesund

Smittevernoverlege Jørn-Åge Longva er glad for at eins stadig større del av helsepersonellet ved Ålesund sjukehus tek vaksinar mot influensa.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Truleg blir også det for lite, men vi kjem til å vaksinere fram til nyttår, seier Longva.

Verje dei sårbare

Folkehelseinstituttet har som mål at 75 prosent av dei som er i kontakt med pasientar, vaksinerer seg. Så langt har dei enno ikkje nådd, men ser at interessa innan helsetenesta for å vaksinere seg, har auka denne hausten.

Dei rår til at helsepersonell beskyttar seg mot influensa ut frå tre grunnar

– Det er for å hindre at sårbare pasientar blir alvorleg sjuke og døyr, for at ikkje helsepersonell sjølve skal bli sjuke og smitte andre, og for at vi skal klare å halde oppe beredskapen, seier Birgitte Klüwer, rådgjevar ved Folkehelseinstituttet.

Klüwer understrekar at all vaksinasjon i Noreg er frivillig, og slik vil det også vere vidare framover.

– Det er ingen lovheimel for å pålegge nokon å ta vaksine her i landet, seier ho.

Vaksinasjon ved sjukehuset i Ålesund

Folkehelseinstituttet vil at langt fleire som jobbar innan helsesektoren, vaksinerer seg.

Foto: Malin Kjeldstadli Korsnes / NRK

Ved sjukehuset i Ålesund er dei tilsette samde om at det gjeld å ta årets influensa på alvor.

– Det kan bli svært alvorleg for pasientar som har svekt immunforsvar, og er alvorleg sjuke frå før, om dei skulle bli smitta. Det er sjølvsagt heilt unødvendig at dei skal bli påførte noko slikt medan dei er på sjukehuset, avsluttar smittevernoverlege Jørn-Åge Longva.