Hopp til innhold

Vil ikkje snakke om opprykk

Aalesunds Fotballklubb skal no spele to heimekampar på rad i førstedivisjon. Med sigarar i desse to kampane vil eit opprykk til Eliteserien neste år vere mykje nærare. I kveld ventar KFUM Oslo på Color Line Stadion. Men trenar Lars Bohinen vil ikkje vere med på spekulasjonar om opprykk. – Vi hadde eit fint forsprang i fjor også, som vi lærte at kan bli spist opp. Så vi tek ingenting for gitt. Vi er nøydd til å vinne kampane først, og gjer vi ikkje det så veit vi at presset kjem om motstandardane kryp nærare, seier Bohinen.

Lars Bohinen
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL