Hopp til innhold

Vil ikkje samarbeide i fylkestinget

Sunnmørslista vil ikkje samarbeide med Høgre, Frp og KrF i fylkestinget etter valet. Det stadfestar listetopp Randi Asbjørnsen.

Randi Asbjørnsen
Foto: Trond Vestre / NRK

Sidan valet i 2007 har Sunnmørslista vore ein del av ein fleirtalsallianse med dei tre andre partia, men denne avtalen gjeld ikkje lenger. Årsaka er at den inngåtte samarbeidsavtalen er for "Romsdals-orientert".

- Vilkåra i avtalen er ikkje mogleg å leve med for Sunnmørslista, seier Randi Asbjørnsen.

Romsdalsorientert

Ho vedgår at det er utsiktene til at det kan verte ein fylkesordførar frå Romsdal som er problemet. Ifølgje Asbjørnsen har partia samarbeida godt, nettopp fordi noverande fylkesordførar er frå Sunnmøre, nemleg Olav Bratland frå Stordal.

To blokker

Det store spenningsmomentet i fylkestingsvalet er kva for alliansar som vil gi fleirtal etter valet. Det avgjer kven som vert sittande med makta. Mykje tyder på at det vert ein kamp mellom to blokker. Når Sunnmørslista no har sagt nei til ein avtale med Høgre, Frp og KrF er dette spørsmålet langt meir ope.