Vil ikkje legge ned barneskular
Eit samrøystes formannskap i Ulstein ønskjer at skulestrukturen i kommunen skal vere som han er, med fire barneskular. Rådmann Einar Vik Arset har tidlegare foreslått innsparingar på 10 millionar kroner i år, der eit av kuttforslaga var å redusere talet på barneskular. Tysdag vedtok formannskapet å fjerne punktet, skriv Vikebladet.