Hopp til innhold

Vil ikkje korte ned liggetida

Nybakte mødrer her i fylket skal framleis få vere på sjukehuset to og tre døgn etter fødselen, stadfester Helse Møre og Romsdal. Sjukehus andre plassar i landet ønsker å sende barselkvinner heim same dag som dei har født, noko som har skapt uro. Henrik Erdal, klinikksjef i Helse Møre og Romsdal, seier dei ikkje vil endre liggetida. – Dette gjeld også for det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal som skal byggast, og i alle fall fram til 2022. Førstegongsfødande Andrea Gundersen er glad for at liggetida ikkje blir kortare. – Eg kan eigentleg ikkje forstå korleis ein skal klare å kome seg heim etter eit døgn eller til og med to, seier ho.

Andrea Gundersen
Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK