Hopp til innhold

Vil ikkje kaste mat

- Det gjer vondt å tømme ut mjølk, seier fylkesleiar i Møre og Romsdal bondelag, Arne Magnus Aasen. Han håpar at meieristreiken vert kortvarig.

Glass med melk
Foto: Colourbox

Laurdag stansa alt inntak av mjølk ved meieria i Elnesvågen, Tresfjord og Ørsta, etter at dei fleste Tine-tilsette der er tatt ut i streik.

Streik i Tine

Tariffoppgjeret mellom Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) og Landbrukets Arbeidsgiverforening (LA) endte lørdag i streik.

21 av Tine sine meieri er med i konflikta. Mjølk, juice, yoghurt og andre ferskvarer leverast til butikkane som vanleg, men Tine sin produksjon av ost er stoppa.

- Dette er ein lovleg streik, og vi må følge spillereglane i slike konflikter, seier Stein Aasgaard, konserndirektør i Tine.

– Vi håpar selvfølgeleg at konflikta løser seg raskt slik at dette ikkje får konsekvensar for forbrukarne, seier Aasgaard.

- Men det vil nok ta litt tid før butikkundane merkar streiken, seier konserndirektøren.

- Tine har ost på lager til flere ukers forbruk. Konflikta rammar i første rekke våre mjølkeprodusentar, som må finne andre måtar å nytte mjølka, som normalt ville gått til osteproduksjon, seier Stein Aasgaard.

Håpar på løysing

Mjølkeproduksjonen hos dei tre meieria i fylket som er i streik er normalt stor. Pr veke produserar Tresjord: 125 000 liter, Elnesvågen: 1,5 millionar liter og Ørsta: 250 000 liter.

Bondelaget fryktar at 200 000 liter mjølk vil gå tapt kvar einaste dag streiken varer.

- Det er klart, når vi må tappe ut mat, så er det ikkje det ein bonde likar best, seier fylkesleiar i bondelaget, Arne Magnus Aasen, som håpar konflikta blir løyst raskt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL