Tal frå SINTEF viser at det er 50 gongar større sjanse for å omkomme som sjarkfiskar enn som yrkesaktiv på land. Paasche seier dei ikkje kan stille krav til fiskarane utover å råde dei til å ha fagopplæring.
– Det er ikkje vår oppgåve å pålegge folk tiltak, det er dei offentlege myndigheitene som må stå for det, seier Paasche.
Sårbare
Sjarkfiskarane har svært variabel inntekt og er difor sårbare overfor krav og pålegg. Paasche strekar under at dei har arbeidd med tryggleik lenge, og har gitt ut opplæringshandbøker og tryggleiksmanualar til fiskarane. I tillegg har dei eit samarbeid med Gjensidige NOR, der det siste er ein arbeidsdress med nødknapp i brystlomma. Med den kan fiskarane stoppe motoren dersom dei skulle falle over bord eller bli sitjande fast i noko om bord.
Vil ha obligatoriske kurs
Paasche seier dei heile tida kjempar for at myndigheitene skal innføre obligatoriske, gratis tryggleikskurs.
Ein av dei to fiskarane som omkom utanfor Hammerfest natt til 1. mai hadde ikkje tryggleikskurs, men Paasche vil ikkje seie noko om det kan ha spelt ei rolle i forliset.
– Det er heilt umogleg å uttale seg om det utan at vi kjenner til årsaksforholda bak forliset.
Eintydig erfaring
Men fiskarlaget si erfaring frå tidlegare forlis er stort sett eintydig. Dei som har hatt tryggleiksopplæring seier at hadde dei ikkje hatt det så dei visste akkurat kva dei skulle gjere i ein kritisk situasjon, så hadde dei aldri klart seg.