Hopp til innhold

Vil ikkje ha asylmottak ved stadion

Volda Turn og Idrettslag vil gjere alt for å stoppe asylmottak.

Volda stadion
Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Kjetil Kroken

Leiar i Volda Turn og Idrettslag, Kjetil Kroken, er sterkt i mot at asylmottak blir nærmaste nabo til stadion.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

- Asylmottak kan ikkje plasserast i nærleiken av eit friluftsområde eller ein idrettsplass, seier leiar Kjetil Kroken.

Frykter konflikter

Leiteland Camping er nærmaste nabo til Volda stadion og søker om å få opprette asylmottak.

Kjetil Kroken understreker at han ikkje er i mot asylmottak, men er redd lokalinnbyggjarane ikkje vil bruke stadionområdet når asylsøkjarane er der.

- Vi er redde for konflikter, seier han og frykter sosiale og kulturelle problem.

- Vi har ikkje kapasitet til å ta oss av asylbarna i det heile tatt. Kapasiteten til idrettsanlegget er sprengt og kvart tidspunkt på dagen er fullt, seier han.

Jostein Helset

Jostein Helset vil ha asylmottak til Leiteland Camping.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Uforståeleg

Jostein Helset driv Leiteland Camping og forstår ikkje redselen.

- Eg tykjer det blir feil vinkel å starte på ein konfliktsituasjon med bruk av ei kunstgrasbane. Det trur eg må sjåast på som eit idrettsanlegg som dei som kjem hit må få bruke på lik linje med dei norske, seier Helset.