NRK Meny
Normal

Vil ikkje ha asylmottak

Herøyordførar Arnulf Goksøyr (H) er misnøgd med planar om asylmottak i Fosnavåg.

Arnulf Goksøyr, ordfører i Herøy
Foto: Aina Rødal / NRK

- Vi har ei knappheit med ledig areal i Herøy kommune og Fosnavåg som det er, seier Arnulf Goksøyr.

Herøy hotel

Firmaet Link AS som driv asylmottaket i nabokommunen Ulstein vil etablere ei ny avdeling med 60 plassar i Fosnavåg.

Herøy Hotel

Her skal asylmottaket etter plana vere.

Foto: Andreas Sundby / NRK

- Vi har fått spørsmål frå UDI om vi kan utvide det eksisterande mottaket i Ulstein, i tillegg til å opprette eventuelle nye avdelingar i nærliggande kommuner, seier dagleg leiar Hallstein Saunes.

Planen er å utvide mottaket i Ulstein med 20 nye plassar og etablere ei ny avdeling i Fosnavåg med 60 plassar.

Saunes har vore i kontakt med Herøy hotell og seier dei har ein intensjonsavtale på 50 plassar. Dei siste 10 asylsøkarane vil bli plassert i leiligheter i området.

- Herøy hotell er godt egna og sidan det også har vore asylmottak der tidlegare er det delvis tilpassa, seier Saunes.

For fort

- Vi har store problem med å finne bustad til folk som skal arbeide og vil flytte tilbake hit, så eg kan seie det slik at Herøy kommune ikkje ville sendt inn ein slik søknad om asylmottak no, seier Goksøyr.

Han synes prosessen går for fort og seier kommuna treng meir tid til å førebue seg om eit asylmottak skal etablerast i Fosnavåg.