Hopp til innhold

Vil ikkje godta sjukehuskutt

Møre og Romsdal Frp kjempar for akutt- og fødetilbodet på landsmøtet til Framstegspartiet.

Frank Sve

Frank Sve er fylkesordførarkandidat for Framstegspartiet. Fylkespartiet fremjar ein resolusjon om lokalsjukehusa på Frp-landsmøtet

Foto: Trond Vestre / NRK

Fylkesleiar Frank Sve seier at Møre og Romsdal Frp ikkje kan støtte endringar i akutt- og fødetilbodet ved lokalsjukehusa.

Fylkespartiet krev i ein resolusjon på landsmøtet på Gardermoen at lokalsjukehusa må ha nødvendige akutt- og fødetibod og kirurgi. Dei meiner at lokalsjukehusa er sjølve bærebjelken i spesialisthelsetenesta.

Ikkje krav om innbyggartal

Møre og Romsdal Frp er glad for at moderpartiet ikkje set krav om innbyggartal for lokalsjukehusa sine ansvarsområde.

Dei krev at akutt- og fødetilbodet ved alle sjukehusa i Møre og Romsdal består som i dag.