Jon Aasen (Foto: Gunnar Sandvik)
Fylkesordførar Jon Aasen har kravd at Hjartåberga får pengar frå potten på nær ein milliard, men har møtt motbør i dei andre vestlandsfylka.
I innstillinga til møtet er Hjartåberga ute, og sjansen for å få gjennomslag er dermed svekt, vedgår Aasen. Han har ikkje gitt opp, men treng støtte frå Sogn og Fjordane.